God, litt ordrik krim

Nærare 12 år etter at ei ung jente blei valdteken og deretter drepen i Hafnarfjörður, blir ein såkalla tidskapsel graven opp i hovudstaden på Island. Ti år gamle brev skrivne av ungdomsskuleelevar fortel om korleis dei trur Island vil stå fram om ti år. Små helikopter drivne av solceller, bilar vil vere utdaterte, og det har kome medisinar som gjer kreft og andre alvorlege sjukdomar ufarlege!

Det er likevel ein tekst utan namn, nærare bestemt ei liste med initialar som konkluderer med at ei rekke personane skal drepast, som etter kvart opptek radarparet politimannen Huldar og barnepsykologen Freyja. Når først ein person med dei rette initialane blir funnen drepen på bestialsk måte, og deretter ein til, begynner plottet til forfattaren å ta av. Utan å røpe for mykje, det er både pedofili og det eg må kalle sadisme bak drapa.

Enkelte stader er skildringane sterke, både når det gjeld barn og vaksne. «Dragsug» er den tredje boka med Huldar og Freyja i sentrum. Eg har ikkje lese dei to første, men det eg har lese om dei, stemmer godt med inntrykket «Dragsug» har gjort. Seint på hausten 2015, las eg og omtala «Løgnen» av den same forfattaren, og minnest eg ikkje feil var eg begeistra, men tykte at dei fleire av hovudpersonane ikkje heilt hekk i hop psykologisk.

Det same gjeld her. Freyja kan eg – litt nølande – godta. Huldar, som har diverse personlege problem, synst eg ikkje står til truande. Han har blitt degradert etter nokså alvorlege feil i tenesta, men tilsynelatande bryr han seg ikkje om det. Det høyrer også med at forfattaren fortel om interne problem i politietaten, noko som ikkje gjer arbeidet med den alvorlege saka lettare.

Yrsa Sigurdardottir

Men, og det må eg understreke, som rein krimsnekkar er Yrsa Sigurdardottir dyktig. Ho lura meg rett og slett trill rundt gjennom nesten 300 sider. Ikkje berre det, då eg omsider opplevde at alt fall på plass, blei eg skikkeleg overraska. Det er alltid eit godt teikn.

Boka fyller rundt 440 sider. Ei innstramming hadde gjort godt. Gjennom heile boka finst det avsnitt – iblant lange – som eg oppfattar som fyllkalk.