Kripos-etterforskaren Skarphedin Olsen, Nygårdshaugs krimhelt i ei rekke bøker, nyter ein god middag i restauranten til nevøen sin, Fredric Drum. Han gler seg til ein fisketur i Hessdalen.Denne dalen har i 10-år vore kjend for underlege lysfenomen — eller er det tale om UFO-ar?Ein kjend austerriksk forskar som har halde til i Hessdalen ei tid, blir skoten utanfor restauranten, og ein kollega blir sporlaust borte.
Skarphedin får ein fin dag med fiskestang og kaffikjel over bålet, men så blir han trekt inn i ei etterforsking som det etter kvart luktar svidd av. Ei underleg, lite tiltalande kvinne dukkar også opp. 250 år tidlegare står ein prest på talarstolen fjellbygda Vingelen, 50 kilometer frå Hessdalen. Han skal tale til forsamlinga, men blir avbroten av eit likfunn på kyrketrappa. «Budbringeren» er den 12. boka om radarparet Skarphedin & Fredric, og ho er god.Plottet held mål, og spenningskurven stig bratt mot slutten.Forfattaren nyttar UfO-teoriane på ein finurleg måte, og oppklåringa på slutten er akkurat så overraskande som ein rutinert krimhandverkar skal greie å skape.
Dei små frampeika, det er berre å tilstå at eg ikkje oppdaga dei før alt fall greitt på plass mot slutten.Det er mykje anna også, å glede seg over.Nygårdshaug har openbart stor glede av å finne på pussige namn; i fleng nemner eg bonden Lars Jonsa Krokstubblien, fjelloppsynsmannen Iver Hakkvelta og restauranten Kasserollen (Fredric Drumms gourmetrestaurant).
Etterforskar er Skarphedin Olsen alt anna enn, skal vi seie A-4.Humoristiske innslag livar opp, av og til ein smule svart ironi. Geipen med overtru og visse politiske retningar er klår, men ikkje brautande.I alle fall frå og med «Mengele Zoo» (1989), har fleire av bøkene til Nygårdshaug hatt eit meir eller mindre klårt bakteppe av samfunnskritikk.La meg legge til, eg har berre lese ein del av dei svært mange bøkene han har skrive i diverse sjangrar.Til slutt må det nemnast at gourmetkokken og hobbydetektiven Drum er lite synleg i denne boka.