Fabelaktig om matematikaren Alan Turing som knekte kodemaskinen enigma.
Den engelske matematikaren Alan Turing (1912-1954) var ein av dei fremste i sitt fag på 1900-talet. Han blir rekna som skaparen av den første datamaskinen, og under 2. verdskrigen greidde han å knekke den tyske kodemaskinen Enigma, noko som historikarar meiner forkorta krigen.Arbeidet hans var så hemmeleg at han ikkje fekk den heideren han burde, og som homofil blei han eit offer for den paranoide jakta på kommunistar og homoseksuelle på 1950-talet. I 1954 tok han sitt eige liv. Det er sjølvmordet til Turing kriminaletterforskaren Leonard Corell stiller spørsmål med. Kvifor duppa han ein eplebit i cyanid og åt biten? Kvifor fekk han etter krigen berre ein medalje som hundrevis av andre fekk? Etter kvart begynner han å skjønne så mykje at også han kjem i søkelyset.Personen Corell er svært samansett.
Han har eit mindreverdskompleks, men bit tennene saman og let seg ikkje stoppe.Han har ikkje hatt nokon god oppvekst, noko han slit med verknadene av. Når britisk sikkerheitspoliti begynner å interessere seg for han, tar boka av, for å seie det slik.
Nemnast må det også at forfattaren losar lesarane gjennom ganske mange og innvikla matematiske spørsmål, og han gjer det så lettfatteleg at sjølv eg — som aldri har kunna fordra matte - greitt greier å følgje resonnementa.
Eg har eigentleg berre ei innvending , nokre få stader blir dialogane for lange og utbroderande.«Syndefall i Wilmslow» er ein drivande god spenningsroman, ein thriller.
I tillegg er boka ein psykologisk utviklingsroman og, ikkje minst, populærvitskap i toppklasse.Bildet forfattaren teiknar av første halvdelen av 1950-talet er godt, avslørande og skremmande.Sjeldan har eg lese ei bok der fakta, fiksjon og spenning er snekra så vel saman.Til slutt, boka er også eit heftig åtak på menneske og institusjonar som prøver å lage vanskar for enkeltmenneske som er - og ønskjer å vere - litt annleis.Alt i alt; «Syndefall i Wilmslow» er ei bok det er lett å anbefale på det sterkaste.