Hovudpersonen i denne fascinerande romanen på over 660 sider er Mevlut Karatas, fødd i 1957 på den tyrkiske landsbygda.I 1968 kjem han til Istanbul, der han lever av å selje boza (tyrkisk drikk).Han skriv glødande kjærleiksbrev til ei ung jente, men endar opp med å gifte seg med systera — først.Vi blir etter kvart kjende med ei rekke slektningar og vener, persongalleriet er stort.Men, det er først og fremst gjennom Mevlut Karatas vi opplever Istanbul gjennom det politisk sprikande 1970-talet, militærdiktaturtida på 1980-talet, eit 1990-tal prega av sterke ny-islamske vindar, og etter tusenårsskiftet, korleis eit moderne, kapitalistisk samfunn bryt gjennom. Nobelprisvinnaren frå 2006 har med «Noe fremmed i mitt sinn» skrive ein ekstremt fasettert roman, om kjærleik, om Islam i vår tid - primært i Tyrkia - om personleg ansvar og identitet, og om den spesielle utviklinga i millionbyen Istanbul.Utviklinga på det storpolitiske planet vaker i bakgrunnen.
Romanen er dessutan , i alle fall etter mi meining, ein kvinneroman.Det er fleire sterke kvinner i kretsen rundt hovudpersonen, så sterke at eg greip meg i å tenke på Johannes Hegglands mange ruvande kvinner.Bruke skaut eller ikkje?Jobbe utanfor heimen?Retten til å bestemme over eigen kropp?Dette, og mange andre kvinnepolitisk viktige saker drøftar forfattaren i boka, og det er ikkje tvil om kvar han står.
Eg har ikkje lese mykje av Pamuk , men «Svart bok» las eg då ho kom i 1994.Ei bok som gjorde sterkt inntrykk med mengder av eventyr, fablar og, ikkje minst, mystikk.Eller, sagt på ein annan måte, boka tok pulsen på storbyen Istanbul ei vinterveke på 1980-talet.
I botnen er det det same han gjer i denne boka, men her gjer han det over ein periode på over 40 år.Den verkelege helten i boka er Mevlut Karatas, som etter kvart blir, skal vi seie, ein utdatert boza-seljar i den moderne storbyen Istanbul.Ei rekke andre personar, både kvinner og menn, kjem til orde.Ofte kommenterer dei kvarandre.Den, i særklasse, beste romanen eg har lese hittil i år.