Ei storhending for folkemusikken her sør

Folkesong i Vest-Agder.jpg

Boka og cd-platene vil gjere folkesong i Vest-Agder aktuell og ny for mange.

Folkesong i Vest-Agder.jpg

Standardverket om folkesong i Vest-Agder er kome. Ragnhild Furholt har teke på seg oppgåva med å lage boka som lenge vil bli ståande som noko av det viktigaste som har hendt på dette området her sør. På 216 sider i stort format og på to cd-ar er samla 101 songar av det folkelege slaget, og alle kommunar i Vest-Agder er representerte. Det er vel ei utbreidd oppfatning at folketonar og folkemusikk, stev og balladar, det er noko dei har i Setesdal og Telemark. Men vi har det i Vest-Agder og, både i kystbygdene og i innlandet.

Ragnhild Furholt

Ragnhild Furholt frå Songdalen har i mange år arbeidd ved folkemusikkstudiet i Rauland. Ho er aktiv songar og av dei viktigaste i faget her sør. Ho har gjort ein framifrå jobb med denne boka. Ho har ynskt å få fram det til nå nokså ukjende tilfanget av både tekstar og melodiar innan folkemusikk her i Vest-Agder, og det har ho greidd. Fylkeskultursjef Anne Tone Hageland har og vore viktig i denne samanhengen, både økonomisk og som ein kjennar av folkemusikken i fylket og som tradisjonsberar. Alle dei 101 songane er presenterte i opptak, mange frå Agder folkemusikkarkiv og frå Nasjonalbiblioteket, Norsk folkemusikksamling. Dei songane Furholt ikkje har funne gode opptak av, har ho sunge inn sjølv, på framifrå vis. Alle songane er og presenterte i noteskrift, med ei lett tillemping av dei problema ein møter når ein skal notere tonekjensle som ikkje følgjer den tempererte skalaen.

Tekstane er attgjevne slik dei er sungne, og slik dei finst i ulike oppskrifter. Her er med andre ord eit overveldande tilfang både av musikk og tekst, slik at desse mange songane kan vidareførast til nye generasjonar både gjennom lyd og notebilete. Dette gjer boka og til ei pedagogisk bok av stort verd.

Her er balladar, stev, slåttestev, bånsullar, reglar og stubbar, viser med blanda innhald, mellom anna sjømannssongar, og til sist eit stort tilfang religiøse folketonar. Bjarne Sløgedal, Astri Skarpengland, Rachel Thomassen, Anne Karin Sveinall og Anne Tone Hageland er blant dei mange som har gjeve stoff til boka — og mange, mange fleir.