Godt og grundig om dyreparken

Dyreparken.jpg
dyreparken.jpg

Boka fortel om entusiastar og visjonære med talent og engasjement gjennom meir enn 50 år.

Dyreparken.jpg

Jubileumsboka har undertittelen «Dyreparken gjennom 50 år» , men ho fortel også litt om førebuingane i 1964 og 1965, der Willi Tjomsaas er sentral.Det er han som greier å skaffe startkapital, det meste frå skipsreiarar i Kristiansand.I «prøveåret 1965» har parken 30.000 besøkande, og billettane kostar kr 3.00.Den offisielle opninga er 25. juni 1966.Det året har parken 109.895 betalande.49 år seinare, i 2015, er billettprisen 419 kroner, og besøkstalet har runda 1 million.Imponerande! I denne flotte boka på 280 sider i stort format blir vi kjende med mange av dei mest sentrale personane som har skapt og utvikla parken til det han er i dag.Eg skal berre nemne ein, Edvard Moseid, ein bauta i historia til dyreparken.

Samtidig, det er mange, mange andre som har vore viktige på ulike måtar: dyrepassarane, dei tilsette, investorane, gründarane og direktørane.Som lesarar får vi opp— og nedturane tett innpå livet, for ikkje å snakke om katastrofane som til dømes då Tropariet brenn ned i 1978, året etter at det stod ferdig.

Sjølvsagt er det den rørande historia om Julius. Sentralt står historia om korleis dyreparken utvikla seg frå å vere ein stad der dyr blei vist

dyreparken.jpg

fram, til å bli ein underhaldingspark i tillegg (t.d. Kaptein Sabeltann), og vidare til å bli eit sentrum for arbeid med å bevare naturen, drive undervisning og forsking, og — på verdsbasis - delta i avlsprogram for utryddingstrua dyreartar.Det viktigaste er kanskje likevel; boka fortel om entusiastar og visjonære med talent og engasjement gjennom meir enn 50 år.

«Den levande parken» vil «treffe» store delar av det norske folk: barn, foreldre og besteforeldre, som alle har eit forhold til Kristiansand dyrepark.Hans Martin Sveindal (Webredaktør for Dyreparken) og Jon Amtrup (med fleire dokumentarbøker på samvitet) har skrive og redigert ei god bok om parken austom Kristiansand.Eg er ikkje i tvil om at forfattarane har kutta og kutta - likevel - ikkje nok, etter mi meining.Ei veldig god bok kunne ha blitt endå betre og meir lesarvenleg om forfattarane hadde skore endå litt meir.