Svak Deon Meyer-krim

deon meyer bilde cape town.jpg
omslag dreyer.jpg
omslag dreyer.jpg

Då eg hadde lese 150 av dei vel 360 sidene boka fyller, hadde eg alt lenge klødd meg i hovudet.Det var noko som ikkje stemte.Eg har lese «Syv dager» (2013) og «Cobra» (2014), to drivande gode «thrillarar». «Cape Town» — eg las etter kvart boka ut - er underhaldning på det jamne, men heller ikkje meir.Hadde den sørafrikanske forfattaren Deon Meyer rett og slett gått tom?Heldigvis oppdaga eg at boka først hadde kome ut på Afrikaans i 1996, og på engelsk i 1999.

deon meyer bilde cape town.jpg

Då fall brikkene på plass; boka er eit manus verken Tiden eller andre norske forlag var interessert i på slutten av 1990-talet.No derimot, når Meyer har skapt seg eit namn som ein meister, blir eit utdatert manus med eitt interessant.Det blir unekteleg ganske spesielt når forlaget på baksida av omslaget mellom anna skriv: «Deon Meyer svikter aldri.En mesterlig krim — med spenning fra først til siste side». Vel vel, det handlar om ein seriemordar som går laus i Cape Town.Mat Joubert blir sett på saka, og han forstår litt etter litt at saka kan bli den siste sjansen han vil få til å finne attende til den han ein gong var.Ein mann med ei vakker kone, lovande karriere i politiet i Cape Town.Når kona blir drapsoffer, dett Mat av lasset.Deprimert, nokså alkoholisert og fysisk totalt ute av form, er han tilsynelatande på veg «ut».Mat og kollegaene leitar etter noko som kan vere eitt eller anna som bind dei rituelt prega drapa saman.

I kor stor grad han lykkast skal eg teie om, men mange blir offer før seriemordaren omsider blir taua inn.Eg skal vedgå at på slutten stig spenninga, forfattaren har greidd å skape ein slutt som ikkje er så aller verst.Men det er langt frå den slutten han presenterer i «Cobra» og «Syv dager», veldig langt.

Så langt har eg i denne omtalen vore relativt negativ, og nokon overtydande kriminalroman er ikkje «Cape Town». Men politimannen Mat Joubert er interessant.Psykologisk heng han på greip, eg «kjøper» den personteikninga Meyer presenterer av han. Skildringa generelt av Sør-Afrika, seks år etter at apartheid-tida er over, er heller ikkje så verst.