Animert hjernefest

Her er dei fem kjenslene: Sinne (t.v.), "Avsky", "Glede", "Frykt" og "Sorg". Til saman styrer dei sjelslivet til oss alle.

Eg veit ikkje kven som stiller med størst frydefull forventning når det kjem ein ny film frå Pixar/Disney, dottera mi (snart 9), sonen min (snart 4) eller eg. For er det éin ting me elskar, så er det desse animerte, visuelle festane med smart underhaldning både for store og små – som Pixar har vore ein av leverandørane av.

Pixar har tidlegare laga storsuksessar som "Toy Story", "Monsterbedriften", "Wall-E", "Ratatouille" og "Modig". Nå er "Innsiden ut" klar for norske kinoar – etter å ha sett ny innteningsrekord i opningshelga i USA. Me snakkar altså om ein skikkeleg amerikansk blockbuster, men i motsetning til den tanketomme varianten er denne både smart og basert på ein original og god idé.

Inn i hjernen

Det er ikkje heilt enkelt å forklara med ord kva "Innsiden ut" handlar om – og det er meint som eit kompliment. For konseptet er altså ganske så fantasifullt: Me får bli med inn i hjernens kontrollsenter, der me møter fem figurar som representerer kvar si kjensle som styrer oss alle. I dette tilfellet sjelslivet til 11 år gamle Riley, som flyttar med foreldra frå eit harmonisk liv i Minnesota til San Francisco, der harmonien blir broten.

Kjenslene "Glede", "Frykt", "Sinne", "Avsky" og "Sorg" sit i kontrollsenteret i hjernen til Riley, og påverkar humøret hennar. Dei samlar også på minna hennar, i form av små minnekuler. Så langt har "Glede" dominert, og sikra Riley eit ganske lukkeleg liv. Men i møtet med det nye livet i den nye byen, hamnar "Glede" og "Sorg" på avveier i Rileys sinn, og ting blir langt meir kompliserte.

Filmen er dermed ei animert reise gjennom Rileys hjerne, ei reise som er ein visuell fest å sjå på både for store og små. Og akkurat som kjenslene i hjernens kontrollsenter sender sinnsstemninga vår opp og ned, har dei som sit i kontrollsenteret for filmen – med regissør Pete Docter ("Up", "Monsterbedriften", "Wall-E") i spissen – full kontroll på kjenslene dei utløyser hos publikum. Her er både glede og sorg, spenning og hjartevarme, humor og alvor.

Fagleg fundert

Det tok fire års forarbeid før Pixar begynte med sjølve animeringsjobben på "Innsiden ut". Gjennomføringa av ideen regissør Docter fekk av å sjå endringa i si eiga dotters humør, er gjort i tett samarbeid med psykologar, psykiatrar og annan tung fagkompetanse i hjernens mange vindingar. Dermed er den fantasifulle ferda gjennom hjernens irrgangar ikkje bare rols, men inneheld element som gir ein ekstra dimensjon til vaksne – ein ikkje uviktig faktor når heile familien først må gå på familiefilm saman.

Me får til dømes vera med både gjennom drøymesenteret og det underbevisste, samt ned i avgrunnen for tapte minne. Denne meldaren lo særleg godt av ferda gjennom 11-åringens senter for abstrakt tenking, der figurane både blir kubistiske, dekonstruerte, to-dimensjonale og non-figurative. Moro å sjå på for ungane, stor (intellektuell) humor for vaksne.

Originalversjon

Eg såg den varianten av filmen dei fleste av dykk ikkje kjem til å sjå, nemleg den to-dimensjonale med original, engelsk tale og null teksting. Eg har lenge gleda meg til at dottera mi og eg skal kunna sjå desse filmane i originalspråket, sjølv om Norge ligg i verdstoppen når det gjeld kvaliteten på dubbing. Men korleis dubbinga fungerer her, kan eg altså ikkje uttala meg om, like lite som 3D-effektane.

Sidan me er i USA, handlar det sjølvsagt mykje om kjerneverdiar som vennskap og særleg familie. På eit visst tidspunkt står slike ting på spel, men du treng ikkje akkurat vera hjernekirurg for å vita korleis det går til slutt. Pixar er, trass alt, eigd av Disney.