Grusomt kjedeleg

Scarlett Overkill får hjelp av minion'ane til å overta England. Ja, ja.

Dei er små og gule, har like gjerne eitt auge som to, og kroppar like tilforlatelege som ei humle. Det som gir dei meining, er å følgja etter den verste sjefen dei kan finna. Kvifor det skulle vera eit poeng, blir aldri heilt klart. Det blir ikkje komisk ein gong. Då er det jo i grunnen ikkje så mykje igjen.

Men det som er, er omtrent sånn: Dinosaurane er ikkje så lette å halda fast ved som sjefar, dei er dumme og svære og spring altfor fort. Steinaldermenneska er gløggare, men det skal ikkje meir enn ein bjørn til, før dei stryk med. Til slutt finn molefonkne og desillusjonerte minionar sin eigen vesle plass i eit isrike, og byggjer opp eit samfunn sjølv. Men dei blir snart nedfor, dei manglar jo den grusomme sjefen.

Kevin påtar seg oppgåva med å forlata flokken, gå ut i verda og finna den verste sjefen av dei alle. Med seg får han musikarspira Stuart, og vesle Bob. Vesle Bob er den einaste i heile filmen med karaktertrekk nok til at vi blir i alle fall litt glad i han. Dei tre hamnar i New York i 1968, til ein del gamlis-referansar om peace & love og sleng og batikk, før dei finn skurken over alle skurkar, Scarlett Overkill, og drar for å stela krona til dronninga av England for henne, så ho kan overta landet.

Det er massevis av effektar og greier, men det er i grunnen ingenting som står på spel. Resten av flokken må riktig nok også leggja ut på tur, fordi apane dei delte sjef med, vil gjera det av med dei. Men det kjennes i grunnen som ein bagatell.

Her prøver nokon å tena grovt med pengar på barnefamiliar, utan at dei har noko som helst dei vil ha sagt. Styr gjerne unna.