Styr unna!

I den fjerde filmen om dei animerte, pipete jordekorna, legg Alvin og gjengen ut på ein road trip over USA. Styr unna!

Det er bra sonen min på fire år ikkje kan lesa, for nå skal eg slakta ein av hans favorittar: "Alvin og gjengen".

Den fjerde filmen i Alvin-serien har fått den slappe norske tittelen "I farta" – og misser det doble ordspelet i originaltittelen "The Road Chip".

Historia er tynn som billeg dopapir. Men det går omtrent sånn: Dei tre animerte og syngjande jordekorna legg ut på ein road trip frå Los Angeles til Miami for å hindra, eh, faren Dave i å fri til den nye dama si. Dei reiser med ein usympatisk tenåring, og har etter seg ein luftfartspoliti som gir omgrepet "overspel" innhald på eit høgt, trist nivå. På vegen er dei innom både Texas og New Orleans, der dei får lagt inn store, koreograferte musikk— og dansenummer. Er du over seks år, må du skrua av hjernen for å halda ut.

Gode, moderne barnefilmar fungerer når dei tek både barn og vaksne på alvor, og gir moro til begge partar. Som "Innsiden ut", eller Flåklypa-filmen som i desse dagar er einaste inviterte, norske film på Berlin-festivalen. Alvin-filmane gir ingenting til dei vaksne, og plump idiothumor til ungane – pluss ein dose klissete, amerikanske familieverdiar. Dei små ler kanskje når folk fiser, tissar eller det ramlar ein drolt på golvet. Men det er altså bare platt og dumt. Det einaste som reddar denne filmen frå terningkast 1, er at dei små krapyla er godt laga, visuelt.

Ideen om å laga filmar om tre animerte ekorn som snakkar og syng med pipete heliumstemmar i ei verd av overspelande og teite vaksne, skulle i utgangspunktet vera så dum at det aldri blei film av det. Når nummer fire nå likevel kjem på kino, handlar det sjølvsagt om at filmskaparane har tent milliardar på Alvin. Så vær så snill: Ikkje gå på denne, så det ikkje kjem ein film nummer fem!

Les også: