Rockestjerna Tordenskjold

Sjøhelten Tordenskjold (Jakob Oftebro) har gått i land, og drar på 1700-talsturné og fortel historier og har seg med villige damer. Foto: Filmweb

Det er ikkje så lett å seia heilt nøyaktig kva slag film danske «Tordenskjold og Kold» er. På den eine sida er det eit historiske drama om den store dansknorske krigshelten Peter Wessel, meir kjent som Tordenskjold. Men samtidig handlar ikkje filmen om det Tordenskjold blei kjent for, nemleg den dansknorske krigen mot Sverige, og ganske særleg slaget i Dynekilen i 1716 eller erobringa av festninga i Marstrand i 1719. Nei, denne filmen handlar om dei tre siste månadene i Tordenskjolds liv, i 1720. Historia er basert på verkelege hendingar, men det er likevel ikkje ein historisk korrekt film.

Parallelt med den historiske dramatikken prøver filmen å vera ein slags komedie, eigentleg ein ganske plump komedie. Samtidig som det strengt tatt handlar om ein mann som har mista sitt livs mål og meining, og som går under i damer og drykk.

Og dermed er me ved roadmovien, for «Tordenskjold og Kold» handlar altså om ein krigshelt som ikkje finn seg til rette, og som dreg på ein slags turné, i hestevogn, saman med kammertenaren Kold, akkompagnert av moderne rockemusikk. Han reiser rundt og opptrer med forteljingar om sine bedrifter, langhåra og i flagrande gevantar. Etterpå sel han merchandise og har seg med villige groupies, som knullar Tordenskjold fordi han er berømt. Han er som ei stor rockestjerne på veg ned.

I starten kjeda eg meg, som Tordenskjold. Så lurte eg på kva dette eigentleg var. Men etter kvart kom eg inn i filmen og tykte det var ganske bra. Men det er forvirrande greier. Såpass at danske kritikarar har gitt filmen alt frå to til seks på terningen og kalla dette både originalt og dumt.

Norge er ganske tungt involvert også i filmen om Tordenskjold. Erlend Loe har skrive manus, Jakob Oftebro gjer nok ein god hovudrolle i nok ein dansk storfilm. Og i rolla som broren: Ole Chrisoffer Ertvaag frå Stavanger. Danske Henrik Ruben Genz står for regien. Men akkurat kva slag film han har laga, veit eg altså framleis ikkje.