«Why Him?»
Komedie. Med: Bryan Cranston, James Franco, Zoey Deutch, Adam Devine. Regi: John Hamburg. USA, 2016. Lengde: 1 time, 49 min. Aldersgrense 12 år.
Eg skjønte vel omtrent i første scene at dette ville bli ille: Stephanie (Zoey Deutch) ringer opp kjærasten Laird (James Franco) på Facetime. Og før det er gått eit minutt snakkar han om at ballane hans er blåsvarte fordi han ikkje har fått knulla på nokre dagar. Så begynner han å kneppa opp smekken og filmar kjønnshår.
Det blei ikkje betre i neste scene, der Stephanies streite far Ned (Bryan Cranston) feirar 55-årsdagen heime i Michigan, Facetimar med dottera i California - og for første gong ser Laird, som tar av seg buksa og dansar rundt med bar rumpe i California.
Men dermed er også konflikten og motoren, liksom, etablert for denne dumme, dumme, dumme filmen: Neds studentdotter har funne seg ein tilsynelatande idiot til kjærast, og Ned liker det ikkje. Høyrest det kjent ut? Jepp. Det var omtrent dette «Meet the Parents» handla om. John Hamburg, som har skrive og regissert «Why Him?» skreiv også «Meet the Parents». Han syns tydelegvis dette er ei fantastisk morosam problemstilling. Han syns tydelegvis også - med rette - at det var morosamt då Inspektør Clouseau (Peter Sellers) i si tid blei angripen av sin assistent Cato i Rosa Panter-filmane. Men det er ikkje like moro når dette blir kopiert - og overforklart - ein generasjon seinare. Originalitet er morosamt. Kopi er kopi.
Eg blei sitjande og lura på kvifor eg ikkje lo i det som skal vera ei førjulskomedie, med stjerner som Cranston og Franco i rollene som den aldrande trykkerieigaren og den unge dotcommillionæren utan sosiale antenner. Det kan sjølvsagt vera fordi det skal noko til å få meg til å le av plumpe scenar om rumpe, tiss, bæsj, puppar, banning og sæd, som muligens kan virka som pirrande og «ulovlig» humor i pripne USA, eller om du er 12 år. Men det handlar nok meir om at humor krev ei form for gjenkjenning, identifikasjon og sin eigne logikk: Du må på eitt vis kjøpa universet og karakterane for at dei komiske brota skal få deg til å le.
I «Why Him?» går det verken an å identifisera seg eller sympatisera med nokon av personane, problemstillinga eller historia. Dermed framstår det heile bare som ein gjeng idiotar som gjer hjernedøde ting på lerretet. Og så veit du frå første sekund korleis det ender.