Sett frå sirkelen

-Og sist, men ikkje minst spionsaka mot Arne Treholt, skriv Tom Hetland. Fotografi frå Wien 20.august 1983, Arne Treholt, Gennadij titov og Aleksandr Lopatin.

Går det an å skriva historia til ei hemmeleg teneste der du sjølv har hatt arbeidet ditt i mange år?

Svaret er ja, men det har sin pris. Hans Morten Synstnes var analytikar ved Forsvarets overkommando/Sikkerhetsstaben. Då oppgåvene i 2002 vart overførte til det nye direktoratet Nasjonal sikkerhetsmyndighet, vart Synstnes mangeårig sjef for analysearbeidet der. Seinare arbeidde han som forskar ved Institutt for forsvarsstudier ved Forsvarets høgskole.

Det er altså ein utprega innsidar som skriv om ein etat som har vore involvert i ei rekkje kontroversielle saker i norsk etterkrigshistorie: Overvakinga av kommunistar og andre venstreorienterte under den kalde krigen. U2-spionflyet som vart skote ned over Sovjetunionen på veg til Bodø. Striden mellom den militære etterretningssjefen Vilhelm Evang og Pot-sjef Asbjørn Bryhn. Loran C, «listesaka», «Ikkevold-saka» og andre utfordringar mot norsk hemmeleghald frå kritiske forskarar og venstreradikale på 1970-talet. Og sist, men ikkje minst spionsaka mot Arne Treholt.

Omslag.Sirkel[1].jpg

Saknar lukt og smak

Synstnes har løyst oppgåva på profesjonelt vis. Som historisk arbeid er «Den innerste sirkel» solid, grundig og sakleg, og står til høg karakter. Framstillinga er klar og ryddig, nær sagt på militært vis. Boka har alle føresetnader for å bli eit standardverk for alle som vil leita etter kunnskapar om dette emnet framover.

Med folkelesnad blir ho ikkje. I viljen til å gi eit uangripeleg objektivt bilde av sin gamle etat, der også kritiske spørsmål får sin plass, endar Synstnes lett opp med å bli i overkant forsiktig. Han utleverer heller ikkje gamle kollegaer gjennom personportrett, anekdotar eller minneverdige replikkar. Som lesar saknar ein temperatur, lukt og smak. Enkelte kapittel er også i overkant tekniske, sjølv om det kan vera fascinerande å lesa om korleis krypteringsteknologi vart ein norsk industriell suksess.

Det er likevel uunngåeleg at innanfrå-perspektivet skin igjennom frå tid til anna. Og det gir nyttig motvekt mot inntrykk som har festa seg dei siste tiåra, ikkje minst etter Lund-kommisjonens sterke kritikk av dei hemmelege tenestene i rapporten frå 1996. Vegen mot rettsstaten

Ei hovudline hos Synstnes er at etterretnings— og tryggingsarbeidet i Norge i etterkrigstida har gått frå det han kallar ei «diskresjonær» styringsform, utan faste reglar og med uklare og diffuse styringssignal, og til system som er meir i pakt med rettsstatlege normer. At det så lenge herska «lovlause» tilstandar på dette området, er eit paradoks i eit demokrati som det norske.

Interessant nok dokumenterer Synstnes at dei hemmelege tenestene på 1950- og 1960-talet ville ha ei opnare linje, for eksempel om reglar og praksis for personkontroll og sikkerheitsklarering. Det var politikarane som heldt igjen. Særleg Arbeidarpartiet ville unngå ein open debatt om metodane for å halda kommunistar borte frå nøkkelstillingar i militær- og beredskapsapparatet. Det var faktisk etter press frå USA at Norge i 1967 endra kurs i retning av ein meir gjennomsiktig og rettsstatsbasert praksis.

Forfattaren meiner at Lund-kommisjonen går for langt i kritikken, og hevdar at det var politisk ryggdekning for registrering og overvaking for eksempel av medlemmer av AKP (m-l). Her kan han også ha eit poeng. Dei hemmelege tenestene var rett nok ganske forvirra og uforståande i møtet med dei raske samfunns- og haldningsendringane som kom med sekstiåttargenerasjonen. Men heilt i sin eigen sirkel levde dei neppe.

MEIR FRÅ TOM HETLAND: