Kan det seiast noko nytt om krigen? Ja, definitivt. Stadig kjem det ut nye historiebøker med ny kunnskap og ny innsikt.
Men spørsmålet er eigentleg feil stilt. For også verk som oppsummerer eksisterande kunnskap har sin misjon, både som introduksjon for nye generasjonar eller rett og slett som hjelp til å orientera seg i dei enorme informasjonsmengdene som finst.
«Hitlers Norge» av Berit Nøkleby fyller dermed ein funksjon, sjølv om ein ikkje får servert oppsiktsvekkjande nye fakta og tolkingar. Likevel kunne boka vore meir drøftande og hatt mindre preg av oppslagsverk. Nøkleby er ein av veteranane i norsk okkupasjonshistorie, og boka byggjer i stor grad på tidlegare arbeid av henne sjølv eller kollegaer frå hennar generasjon. Litteraturlista inneheld få arbeid frå dei siste 10-15 åra. Det ber boka preg av.
«Hitlers Norge» har sin største verdi i at perspektivet på tysk side. Det er Tysklands motiv for å gå til krig, organiseringa av okkupasjonsstyret og Norges rolle i det militære storstrategiske bildet som står i sentrum. Det er eit tema som ikkje er behandla grundig og samanhengande så mange andre stader.
Hitlers «skjebnesone»
Nøkleby gir interessante innblikk i problem, diskusjonar og maktkampar. Sentralt står Reichskommissar Josef Terboven, Tysklands mektigaste mann i Norge, som Nøkleby tidlegare har skrive biografi om. Nøkleby teiknar eit bilde av ein utprega nazi-teknokrat, effektiv og ukorrupt, men med sterk tru på nådelaus maktbruk og utan evne og vilje til å forstå det folket han var sett til å styra over.
I brutalitet stod likevel ikkje den militære øverstkommanderande Nikolaus von Falkenhorst mykje tilbake for Terboven . Falkenhorst var for eksempel ein sterk pådrivar for å avretta allierte kommandosoldatar som vart tekne til fange i Norge, slik det blant anna skjedde i Stavanger og Eigersund, i strid med folkeretten. Falkenhorst vart etter krigen dømd til døden, men seinare benåda. Les ein Nøkleby, ligg det nær å seia at generalen slapp lett.Sjølve hovudpersonen er likevel Adolf Hitler, som aldri var i Norge, med unntak av ei båtreise i vestlandsfjordane i 1934. Likevel hadde han sterke meiningar om behovet for å okkupera og halda landet. Norge var ei «skjebnesone» i krigen, hevda Føraren. På det meste, i 1943, hadde Tyskland derfor 430.000 soldatar ståande her i landet, soldatar som det kunne vore god bruk for på andre frontar. Hitler insisterte også på å gjennomføra ressurskrevjande prosjekt som Nordlandsbanen, og han heldt si hand over Vidkun Quisling, trass i at både Terboven og andre tyske representantar i Norge raskt forstod at den norske NS-leiaren var ei alvorleg hindring for å koma til ei forståing mellom nordmennene og det tyske okkupasjonsstyret.
Slik forsterkar Nøkleby bildet av ein diktator som med sin uforstand gjorde meir skade enn gagn for Tysklands krig. Okkupasjonen av Norge var rett og slett eit feilslått prosjekt, slår ho fast.
«Tyskarjentene» manglar
Forlaget hevdar at «aldri før har okkupasjonen blitt gjennomgått og skildret så utførlig». Det er sterke ord, særleg når eit stort område som forholda i dagleglivet mellom tyske soldatar og norske sivile berre dukkar opp sporadisk og anekdotisk. «Tyskarjentene» og barna deira skulle ein tru var eit interessant tema også frå ein tysk synsvinkel, men det er ikkje tatt opp i boka.
Det er heller ikkje dei 4500 norske frontkjemparane som valde å gå i tysk teneste, mange av dei i håp om at det kunne gi Norge ei meir sjølvstendig rolle i eit tyskdominert Europa. Bortsett frå at Terboven hadde liten sans for slike draumar, får me vita lite om dei meir ideologiske diskusjonane om Norges plass i det nazistiske Tusenårsriket.
MEIR FRÅ TOM HETLAND: