Staden der vi hender

Kjartan Hatløy har allerei fått mykje kritikarros for dikta sine. Aftenbladets meldar er særs nøgd med den nye boka hans.

Med sine tre siste diktsamlingar har Kjartan Hatløy (f. 1954, deb. 1996) nått ei mogen middagshøgd av meisterskap. Hans nye bok har allereie noko av fullending over seg: "Desse åra mine no for tida, så mykje nærmare sluttstrek." Undertittelen er "Stemningar frå Salbu": Dette er ikkje berre naturstemningar, men ein tilstand, ei inntrykksvar livsinstilling, det å vera mottakeleg til stades med alle sansar på "staden der vi hender", i "det umilde, rasande, ville hendingsrommet". Det er ei "finstemming", slik eit musikkinstrument er klart til å vibrera, syngja: "svarttrosthannen kjem ned frå kvite høgder og vert til rein song". Eller som det heiter om måsen: "Denne fluktmåten blir til som følgje av ein heilt særskild rørslemusikk som strøymer ut av den gule ringen i auget. // Framleis er eg herikring, kan sjå melodiar av denne typen, kan setje pris på dei." Og når han går til mauren for å bli vis, "lyttar" han til "deira kroppars svart".

Det er eit opus som må kallast meisterleg i klangfylde og klangbotn. Som alle dei beste bøkene freistar også denne til å berre sitera, gjev ei kjensle av at kommentarar er overflødige: "Det hender så mangt med våre døde også. Dei er stormen, er lyset og all skifting det fører seg fram i. Dei døde er det harde regnet, det som vert hardare, dei er haglbygene, blanke lyn." Her er eit samband mellom ein kosmisk straum, den heimslege elva som er "året sitt reine, snøgge, viltre blod", og den kvite vegen i tittelen – som er både den konkrete nygrusa gardsvegen og sjølve livsvegen med støv, sol og skugge: "Saman med fargen vegen viser, feirar eg ein livets fest, trass alt." Det er ei sorgmunter feiring av det kontemplative livet: "No i slik stille sømer den seg, tanken på ei bra grav i himmelen. Å verte noko meir enn berre pasifisert jord. Difor er det eg grev ned i meg desse dråpanes lys, difor eg sluker det medan dei framleis skjelv og kan falle."

Til liks med alle store poetar har Hatløy med åra funne opp sitt eige språk. Og som ein som tålmodig har øvt opp profetisk-poetiske gåver manar Hatløy fram den veldige røysta i skyene, ei røyst som elles hadde drege seg attende for alltid. Han skimtar blikket bak fuglefloget, som får vengene til å blenkja "som éin veng" og ramnane til å "klumpa seg saman til eitt heitt, hamrande, flygande hjarte". Det er sine eigne ramnar han sender ut: "For eg skal bli klokare no. Ved hjelp av så mange venger, vaktsame svarte blikk skal eg gjenoppstå medan eg lever." Her identifiserer han seg tydeleg med visdoms— og skaldeguden Odin, og såleis kan han med rette seia: "Herikring er eg presten for alt." Dette kan høyrast grandiost ut, men er vel heller det stikk motsette: Boka er gjennomtrengt av ein age for alt levande og alt det bortfarne i lokaltopografien. Flora og fauna. Grannane, dei gamle kameratane som møtest på nærbutikken. Foreldra og systera, som er døde og no har vendt attende til den evige krinslaupen, "der nedi gravriket sitt": "Framleis har dei også temperatur, nemleg denne dagens temperatur. // Men varmen som dei hadde og som bar dei fram gjennom livet, lever no berre innan det største." Difor kanskje den ambivalente kjærleiken til sola, den nådelause morstjerna, ho som gjev og tek liv: "vår ville gule stjernes sløsande ungdom."

Hatløy har eit makelaust blikk for naturen. Nokre avsnitt om katten kan synast ordinære ved overflatisk lesing (om enn ikkje så trivielt som Olav H. Hauges overvurderte "haiku"), men syner seg å vera fulle av presise observasjonar og humor. Fugleriket er allereie nemnt fleire gonger, men her finst meir: Svalene som "dukkar fram på ti ulike stader, akselerert av sitt blod, av det at verda hender". Hegrer "med deira grove urskrik (…) Lyset ut frå deira blågrå fjørdrakt så intenst at det kastar skugge. Hegretreet ser no staden frå mange vinklar, auga deira ein open hop svarte stjerner. Sett frå den vert vi kvar stund noko nytt." Ikkje minst ørna, tusenårig symbol for poetisk tankeflog: "Høgt der oppe speidar eg mitt eigentlege blod, blå himmel."