Best av alle, utan tvil

I år er det 400 år sidan den tvillaust største diktaren gjennom tidene, William Shakespeare, døydde.

Verda over, i nær sagt alle medium – teater, film, kringkasting, nett, bok og presse – vert det i desse dagar markert at det er 400 år sidan den tvillaust største diktaren gjennom tidene, William Shakespeare, døydde. Litteraturvismannen Harold Bloom, nemnd i innleiinga til denne boka, går endå lenger og omtalar Shakespeare som vår verdslege gud som har skapt oss menneske i sitt bilete. Ein passe spissformulert teori som har mykje for seg: Alle har eit slags forhold til Hamlet og Romeo og Julie – om me har lese eller sett dei teaterstykka dei er ein del av eller ikkje – og språket og menneskesynet i desse har gått inn i den ålmenne kulturen i den grad at dei har forma sjølvforståinga vår på måtar me snautt tenkjer over lenger.

Alle har eit slags forhold til Hamlet og Romeo og Julie.
Ikkje oversjå denne!
shakespeare_cover_small.jpg

Blant dei mange spektakulære, multimediale internasjonale innslaga i jubileumsåret er det lett å oversjå ei utgjeving på eit lite, norsk forlag. Men denne antologien er ei skattkiste som rømer ein tvifelt skatt: høgdepunkt både frå brorparten av Shakespeare-stykka (fleire av dei absolutte toppane i verdslitteraturen) og frå nynorsk gjendiktingskunst dei siste hundre åra.Rogaland Teater fikk pris:

Framifrå orden

Måten boka er lagt opp på fungerer framifrå. Tekstane er ordna kronologisk og speglar i store drag utviklinga i forfattarskapen. Slik gjev boka eit godt tverrsnitt av og ei fin innføring i Shakespeares univers – ein kavalkade av dramatiske personar og situasjonar, men med vekt på poesien i språket. Kvart utdrag er introdusert med ein redaksjonell parentes, ikkje meir enn nokre få liner, som gjev naudsynt bakgrunnsinformasjon – om dei klassiske ”detektivspørsmåla”: Kvar, Kven og Kvifor. (Kvar me er i handlinga i det aktuelle stykket. Kven det er som talar. Kvifor dei seier det dei seier.) Desse introduksjonane er klokeleg stutte, for kommentarar til Shakespeare er ein endelaus affære, som i praksis er heile verdslitteraturen etter han.

I den ålmenne kulturkampen er antologisering eit tvieggja våpen når det gjeld forståinga av einskildverk. Som ein nykomar til Ibsen skal ha sagt: Eg visste ikkje at ”Peer Gynt” berre inneheldt sitat! Det er og blir ei ufråvikeleg sanning at eit kvart sitat er teke ut or samanhang. Det gjeld også her: Nokre utdrag kan virka råkande som retorikk og moralske maksimar isolert, men er gjerne saksa frå ein svært så tvitydig og ironisk dramatisk kontekst.

Strålande gjendiktningar

Gjendiktingane er signerte med velkjende namn som Halldis Moren Vesaas, Aslaug Vaa og Hartvig Kiran – for meg er sistnemnde ein personleg favoritt. Ein nyare, særs produktiv shakespearianar som Edvard Hoem er heilt medvite utelaten, av di han enno ikkje har fått tid til å etablera seg som klassikar. Men den som er vigd største plassen her er den i dag diverre nesten gløymde Henrik Rytter, ein kjempe blant norske litteraturformidlarar. Han gjorde kraftfulle innhogg i verdsdiktinga frå Dante til Dickens, og har desidert noregsrekord ved å ha omsett heile 23 Shakespeare-drama. Kvantitativt er det ein slags hovudtese i denne antologien kor mykje seinare nynorske Shakespeare-gjendiktarar står i gjeld til Rytter – og kanskje kor mykje dei (kvalitativt) hadde tent på å stå i endå større gjeld til han. Sjølv om Rytter-versjonane i dag nok ville vera umoglege og jamvel kunne virka ufriviljug komiske på scenen, så har den arkaiske nynorsken hans faktisk noko av den same kraftfulle og framandvorne dåmen som Shakespeares språk har for engelsktalande i dag.

Tidsdokument

Det er elles eit lite påakta faktum at den omsette verdslitteraturen er ein stor og viktig del av ein kvar nasjonallitteratur: Horisontene tøyer seg, orda bøyer seg i alle leier. Like sant er det som redaktøren Ronny Spaans seier i det perspektivrike etterordet: ”Ei attdikting er eit dobbelt tidsdokument. Samstundes som ho fører oss inn i universet åt diktaren, slepper ho språk— og stildrag frå samtida åt attdiktaren gjennom.” Redaktøren siterer ei prøveomsetjing av pioneren Ivar Aasen, der Romeo ynskjer at han var ”votten” på Julies hand, som eit låtteleg døme på kor langt rotnorsk purisme kan gå. Hanskemakarsonen frå Stratford hadde truleg ledd med.

Framleis aktuell: