"Og eg veit at alt dette ikkje er poesi, / men om ikkje poesien kan romme / mine avfalne hår i ein rosa kam, / kan det vere det same med poesien." Slik avsluttar Finn Øglænd eit dikt som handlar om klisjeen å leita etter sine djupaste kjensler – som ein likevel aldri kan få retteleg auge på. Det ein derimot får auge på, er til dømes sine grånande hår i ein rosa kam.
Men Øglænd jaktar likevel framleis på kjenslene, her som i over 20 tidlegare diktbøker. Slik sett er han romantikar så god som nokon. Men kanskje søkjer han helst dei draumane som er "konkrete / som gamle dressar". Avfalne hår, gamle dressar: Det er både nostalgi og melankoli i Øglænds poesi. Men aller mest trøkk blir det når den halvt sjølvopptekne, halvt sjølvironiske grimaseringa over tidas kvern får ein fandenivoldsk vri og halvflir på seg – når desperasjonen vert til inspirasjon. "Det er blitt seint i livet," heiter det ein stad, og i framhaldet: "Vi er dømde til støv, men støvet glitrar, / og glitrar det ikkje, er det likevel staseleg / som ein abdisert konge." Og i eit anna dikt med rimbaudsk tittel: "Vinden sine døtrer har blåst bort, / men blikket mitt har ennå auge, / og høyrsla mi har ennå øyre. /…/ Eg ser at det skin, slik ting som finst, skin."
Samlinga er litt ujamn, men ein slik overhendig produksjon er dømd til å vera ujamn. Ofte nok glitrar det i støvet, og slik det innleiande sitatet indikerer, kan det vera ein litterær vinst å henta i det å ikkje alltid slipa diamanten altfor kvass. Som i det som kanskje er bokas sterkaste parti, den overrumplande slutt-teksten "Huset onkel Reinert fekk bygd", der poeten midtveges bryt ut med denne hjartesukken: "Dette er ikkje eit dikt, det er røyndom." Her ligg poesien i det saklege, bokstavleg jordnære. Det kan ikkje siterast, det må lesast.
Gjennomgåande er det den sjarmfulle resignasjonen som får siste ordet:
og det er ein sommar
eit stykke ut i livet,
ein er ikkje ung lenger,
ein må finne andre måtar
å analysere livet sitt på,
ein kan til dømes berre gå,
sveitt og roleg
innover Sandnesgata,
og det kan vere alt.