Herleg kantete og skeiv trompet-musikk

Sjefsdirigent Christian Vasquez og orkesteret skal spela torsdagens program under Bodensee-festivalen i Tyskalnd i vår. Her fotograferte på si eiga sesongopning i august i fjor.

Den der Hamlet-ouvertyren til Tsjaikovskij er i grunnen ganske kjedeleg. Den er dyster og dramatisk, det er ikkje det, det er både paukar og mørk, fallande stryk, det er gjallande messing og meir paukevirvlar, det er ein vakker obo-solo, som kanskje er Ofelia. Og etter Ofelia, eller var det oboen, blir det litt lysare for ei lita stund, før Tsjaikovskij igjen lar seg overvelda.

Eg forstår jo at det er dramatisk med Hamlet, også for Tsjaikovskij. For noko var verkeleg galt i Danmark, og alle skal døy før stykket — altså teaterstykket - er slutt.

Men likevel klarer ikkje Tsjaikovskij få meg med. Verken på kvifor det blir så dramatisk, eller kvifor det blir lysare. Ikkje oppdagar eg at eg plutseleg har blitt løfta over frå det eine til den andre heller.

Om tid, pausar, og det som skjer etterpå

Kanskje vi skal ta vegen om gamle Augustin, og om pausen i musikken? For viss du opplever noko som ein pause, sa Augustin, i alle fall var det omtrent det han sa, så betyr det at du har eit minne om noko som har vore, og ei forventning om at noko skal koma. Han brukte det ikkje bare om musikk, men om tida. Om nåtid, omgitt av fortid og framtid.

Det går an å seia at musikk er bevegelse. Det er å bli flytta frå noko til noko anna. Forventa at du skal bli det. Kanskje blir du i staden suggerert inn i bare her og nå, på intenst vis, eller det kan vera at musikken bare flyt av garde, som hos Steve Reich, eller det kan vera at den blir så repeterande og stille at det ikkje er til å halda ut. Den bryt med forventningane om å gå vidare, og insisterer på noko anna.

Men når Tsjaikovskij, som eigentleg var bagatellen i gårsdagens konsert, ikkje klarer dra meg med, så er det kanskje fordi han verken innfrifr forventninga, eller bryt med den. Han hoppar bare over til noko anna, eller noko meir.

Til å bli glad for

Trompetkonserten til Arutjunjan, derimot, er full av skiftingar ein blir glad for, eller overraska av. Den er kantete, småskeiv, salongaktig, overlegent musisert fram av Tine Thing Helset. Og som alltid, når ein trompet er i hovudrolla, er det umuleg ikkje å bli fascinert av teknikken. Instrumentet er jo eigentleg bare ein samanrulla lur med tre ventilar, det skulle ikkje vera muleg å særleg meir enn kulokkar ut av den.

Men det var jo Sibelius som var det store. Andresymfonien hans. Den er svær, den veks seg ut av tre små tonar, lar døden sjølv få syngja i fagotten, sender celloane ut på vandring i eigne tonedalar, skapar uro i stryk, ei uro som nok kunne vore endå meir presis, sjølv til uro å vera, før det endeleg, endeleg blir messingen sin tur til å løfta oss alle og la tonane gjalla når alt er fullbrakt i Fartein Valen.

Til neste tone

Det er flott og gripande kvar gong det er mektig, kvar gong det er ein solo, nesten kvar gong noko begynner ein stad. Men i den nådelaust lange oppbygginga, i dei finaste små saumane, der du av og til kan bli flytta med musikken utan å merka at du blir det, der kunne det vore ennå tettare, meir langsomt levande, ei sterkare insistering frå musikarane på at kvar tone skal til den neste, heile tida.

Om det har noko med pausen til Augustin å gjera? Ja, det har det. Ein pause er bare ein meiningsfull del av musikken viss du forventar at det kjem noko etterpå. Kvar tone, i alle fall i denne typen musikk, er bare meiningsfull viss den står i forhold til den før, den etter, den under eller den over. Viss SSO skulle gjera sin Sibelius endå betre, så var det i dette.

Og kanskje i Tsjaikovskij også. Skjønt, eg trur vel eigentleg Tsjaikovski bare ikkje var heilt på topp då han skreiv sin Hamlet- ouvertyre.

LES OGSÅ: