Når Stavanger blir ein ganske stor by

Musikarane Lucas Buclin, Céline Wasmer, Hilde Skomedal, Noémie Bialobroda og Francois Girard Garcia med sterkt grep om ny musikk.

Onsdagens Ny Musikk-konsert i Skur 2 nede på kaien, var ein slik ting.

Kva skjer om ein tar dei poetiske tekstane om døden og kjærleiken ut av lieden, og erstattar med Science Fiction?

Robot-kjærleik

Tre komponistar frå tre land prøvde seg på det, før denne konserten blei til. Ikkje alt kjennes umiddelbart like vellykka. Det aller siste, det engelske, er det som flørtar mest med den romantiske lied-tradisjonen, der kjærleiken, døden og songaren stod i sentrum. Songaren får utfalda seg, får bruka klang og syngjande uttrykk, det er drøymande kjærleik i nye klangar. Til ein robot, nokså forvirra og febrilsk går amok, songen blir kantete, usikker. Før ein restart får den til å fatta mot.

Men det begynte ute i Universet. Der soler leikar seg som løveungar og ein ål buktar seg bak mjølkevegen ein stad. Musikken er flytande, slik teksten frå 1917 er det. Men den får ikkje heilt tak. Songaren forblir bare ein forteljar, med mye tekst, men lite anna å spela på. Som om det ikkje er nok musikk, nok spenn, i verket.

Suverent grep

Det heilt strålande stykket er Øyvind Mælands musikk til utdrag frå Øyvind Rimbereids "Solaris korrigert". Utgitt i 2004, på sitt eige språk, eit slags forvridd norsk-engelsk-norrønt. Forståeleg, men framandt. Frå det som er Stavanger i 2480. Der menneska, trass alt dei kan, er i ferd med å flytta ned under havet. Dei går under.

Øyvind Meland bruker språket tett, tett, inn i musikken. Kvart ord, kvar konsonant driv rytmen framover. Lydande og klangane er underleg framande, men ikkje ugjenkjennelege. Dei står til språket, tar oss med til ein stad der det er underleg og framandt, der vi ikkje er sikre på at det er godt for mennesket å vera. Det heile er haldt på plass i eit overlegent grep, det er ikkje ein tone for mye. Det er strålande gjort.

Og strålande framført, i ein konsert som insisterer på tett, tett konsentrasjon. Herleg.