Saul i siget

Jimmy McGill hoppar av advokatkarrieren og legg seg til i bassenget. Der blir han neppe så lenge.

Det er umulig å seia noko om korleis sesong 2 av "Better Call Saul" blir, basert på den eine episoden som har premiere på Netflix i dag, før neste blir slept om ei veke. Men basert på sesong 1, på at det stadig er dei same folka som står bak, lover første episode godt.

"Better Call Saul" er "Breaking Bad"-skapar Vince Gilligans spin off etter at kjemilærar og narkohai Walter White la inn årene, og handlar om Walters lett lysskye advokat Saul Goodman (Bob Odenkirk). Nærmare bestemt om korleis advokaten Jimmy McGill blei Saul. Handlinga ligg seks år før "Breaking Bad".

Første sesong handla om advokatens forsøk på å få endane til å møtast, korleis han kom over ei gigantisk erstatningssak, og korleis han prøvde å ta seg av sin mentalt sjuke bror – og tidlegare stjerneadvokat.

Andre sesong startar med eit lukrativt jobbtilbod frå advokatfirmaet Davis & Maine, eit tilbod Jimmy i utgangspunktet takkar nei til. Etter runddansen i sesong 1, bestemmer han seg for å slutta som advokat. Han kallar det ikkje midtlivskrise, men midtlivsklarheit, og legg seg til i bassenget på eit dyrt hotell. For no skal det handla om han.

Sjølvsagt går det ikkje sånn, men første episode fortel ikkje veldig mykje om kva som skjer denne sesongen. Men det blir nok litt narko, ja.

Første sesong av "Better Call Saul" blei ein suksess både blant meldarar og sjåarar. Mykje av dette skuldast nok Bob Odenkirk, som spelar Jimmy både sårt og morosamt på ein og same gong. Og serieskapar Vince Gilligan er ikkje blitt dårlegare, verken i dei lange linjene eller dei små scenane.

Noko av det vakre både i "Breaking Bad" og i "Better Call Saul" er desse (relativt) lange sekvensane der det strengt tatt ikkje skjer noko. Der kamera dvelar ved ein mann som står stille i eit parkeringshus. Eller biletet av ein bil som står parkert, til lyden av ei flue. Eller ein bil som nærmar seg, sakte. Eller ta smalltalken om ein ny, forferdelig bil. Det er trivialitetar, men kresent gjort. Det er sakte fortalt, men nydeleg.

LES OGSÅ: