NRKs storsatsing "Mammon" fekk stor merksemd, svært høge sjåartal og endåtil utanlandssal då første sesong rulla over tv-skjermane i fjor. Eitt år seinare er sesong to her, med åtte nye episodar. "Mammon 2" vil nok by på mat både for dei som var begeistra og dei som påpeikte manglar i sist runde.
"Mammon 2" følgjer to parallelle handlingsløp. Det eine handlar om å finna ut kven som brutalt myrda den profilerte VG-kommentatoren – og drittsekken – Thorgrim Hammern (Pål Christian Eggen). Det andre handlar om maktkampen mellom den unge og karismatiske statsministeren Michael Woll (Trond Espen Seim) og den eldre, forbigått finansministeren, spela av Ingar Helge Gimle. Og i sentrum for det meste, som i første sesong, VG-journalisten Peter Verås, spela av Jon Øigarden.
Det heile startar brutalt, mørkt og dramatisk, med drapet på VG-kommentatoren – som rekk å ta ein del mystiske telefonar før det heile er over for hans del. Mystiske telefonsamtalar og evig vibrerande mobilar skal forresten gå som ein raud tråd gjennom serien. Det finst knapt ei scene som ikkje kan avbrytast av eit innkomande anrop eller ei tekstmelding. Men sånn er det kanskje å prøva å laga moderne drama anno 2016?
"Mammon 2" prøver i det heile tatt å gå tett inn på si samtid, og lagar politisk thriller av brennbare og aktuelle samfunnsspørsmål. Det skal dei ha ros for. Her handlar det om kommentarjournalistikk og samfunnsdebatt, om høgreekstremistar, muslimsk terror og politiske prioriteringar etter oljealderen. Og så er her så mykje moderne, digital teknologi, med søk, chattar, bloggar, simkort og sporingar at det til tider kan ta pusten frå deg og bli for mykje av det gode: Ein VG-researchar gjer eit søk på eittelleranna med nokre bokstavar. Skjermen blir full av firkantar, grafar veks fram. Alle rundt bordet ser på kvarandre med dramatiske blikk – som "Mammon 2" for øvrig byr på plenty av. Men kva i himmelens namn betyr det?
Det er i det heile tatt ikkje enkelt å heile tida få med seg kva dramatikken består i, det blir litt for mange mystiske telefonsamtalar til folk me ikkje veit kven er. Litt klarare blir det etter kvart som episodane går. Det kjem heldigvis også vendingar utover i serien som du neppe såg koma, og det er tilsynelatande ingen grenser for kven som har intriger og alliansar gåande med kven.
Sist sesong skreiv Brita Møystad Engseth særs underhaldande gjennomgangar av kvar enkelt episode, der ho påpeika logiske inkonsistensar, bisarre replikkvekslingar og pussig skodespel. Ho skal nok finna døme på det denne gongen også. Eg har sjølv jobba i ein del avisredaksjonar, men eg har aldri opplevd folk snakka sånn til kvarandre som dei gjer i "Mammon 2". Forsøket på å laga snappy replikkar lukkast av og til, men kan også bli corny greier:
"Har vi noe? Noe vi kan bruke?"
"Det toget ruller av seg selv, så det skal vi ligge unna."
Javel? Eller: "Jeg stod i regnet for deg i dag. Jeg stod i jævlig mye regn. Nå er det din tur." Ingen snakkar sånn.
Og så blei eg sitjande og lura på kva årstid det er. I den eine scenen møter finansministeren statsministeren i eit snødekt Oslo. I neste scene møter han same dag ein kar i eit Oslo der trea framleis er grøne og det ikkje ein gong er blitt haust.
Men lyden er betre i sesong 2, musikken dramatisk og fin. Det heile er dessutan flott filma.
Det store problemet for ei norsk, moderne tv-satsing som "Mammon", er at det allereie er laga så utruleg mykje bra utanlandsk tv-dramatikk. Sjølv der "Mammon 2" fungerer, blir det aldri like bra som dei første sesongane av "Broen", "Forbrytelsen" – eller "House of Cards".
Denne meldinga er skriven på basis av dei fire første episodane.