Det er andresatsen som er sjølve livsnerva i Max Bruchs berømte fiolinkonsert. Alt det andre får liv og kjensler og hjarteblod derfrå. Og du har høyrt det før, sjølv om du aldri har rent dørene ned på klassiske konsertar har du høyrt det, så sant du har hatt ein radio nær deg i oppveksten.. Du kan sjekka, på Youtube, for eksempel, gå inn sånn omtrent ti minutt ut i konserten.
Alt det andre får liv og kjensler og hjarteblod derfrå
Boris Brovtsyn spelte heile denne konserten som ein drivande sterk improvisasjon. Som om den første vesle snutten er eit innfall, spontant tonespinn ut frå eit lite tema eller ein akkord, som om alt han gjer skal fram mot den skinande melodien i andresatsen, den vi andre for så vidt ventar på, men som han alt må ha i tankane. Og alt etterpå, i sistesatsen, som livskraftige utfall frå den same nerven. Det var sterkt. Veldig sterkt.
Eigentleg er han her for å spela kammermusikk, men rista Bruch ut av ermet på suverent og fantastisk musikalsk vis då stakkars Martin Fröst blei sjuk, og ein heil, planlagt konsert med han og Stavanger Symfoniorkester gjekk i vasken. Det var bare å leggja vekk all innøvd musikk, finna ein ledig dirigent ein stad på kloden, helst ikkje for langt vekk, og finna fram heilt andre musikkverk enn dei planlagde, verk som til saman kunne utgjera ein konsert, verk som alle involverte kunne frå før, og som passa sånn rimeleg godt med den besetninga symfoniorkesteret kunne stilla med, eller klara stilla med, denne veka. For også symfoniorkester har tariffar og ferier og allslags trivielle greier som oss andre. Og spela seg saman på to-tre prøvar.
I Bruch, saman med Brovtsyn, klarte nok ikkje symfoniorkesteret vera like lette og ledige på labben som han, det stampa nesten litt når dei kompa, særleg i stryk. Nå er dei sjølvsagt også jysla mange som skal vera lette og ledige på labben samtidig, men det kan dei også vera veldige gode til. I tutti-partia, der orkesteret overtar, og med ufatteleg brei pensel malar ut alt Bruch har på hjarta, høyrer ein kor godt også dei kan sine ting — men følgja Brovtsyn, det klarte dei ikkje.
Før det, var Christian Ihle Hadland solist i Mozarts pianokonsert nummer 12. ein ganske beskjeden konsert, eigentleg, det er ikkje fleire tonar der enn at ein strykekvartett kan erstatta orkesteret. At Ihle Hadland ristar av seg ein Mozartkonsert midt inni all annan musikk han er med på denne veka, seier sjølvsagt mye om hans musikalske overskot og mengde innlevd musikk. Konserten er fin, Ihle Hadland spelar elegant, rytmisk, kontant. Orkesteret følgjer opp heilt ok, men heller ikkje her er dei på sitt aller tøffaste og spissaste.
Inni mellom spelar orkesteret Brahms ungarske dansar, nummer 5 og 6 - du kan dei også, du som altså ikkje trur du kjenner så frykteleg mye klassisk musikk. Det same gjeld ouvertyren til Figaros bryllup, som opna konserten. Det er musikk så mye spelt at den sklir gjennom både sjel og sinn og tanke utan å forstyrra nokon av dei det minste.
Så er det minst tre historier å fortelja om denne konserten. Den om kor mange suverent gode musikarar dette handlar om, som kan rista saman noko sånt på to-tre dagar. At det skortar litt på samspelet, blir det nesten litt frekt å hengja seg opp i. Eller den om at dette blir for mye av det gode, det er sviske på sviske, det gjer konserten for glatt, og drar ned inntrykket. Eller den om Boris Brovtsyns uansett heilt fantastisk musikalske framføring av Max Bruchs fiolinkonsert. Han spelte fram den aller sterkaste forteljinga.