Fine Ravel

Sjølv vemodet haldt seg på den lyse sida, i Brahms strykekvintett nummer 2 tysdag kveld.

Lett som ei lerke begynner det, på den 25. kammermusikkfestivalens andre dag, det er full domkyrkje, sjølv bak dei reint umulige søylene, det einaste ein kan halda mot den gamle katedralen som konsertarena, sit det folk. Aller lengst framme skin det i kvitt, der blyglasvindauget alltid ført har møtt blikket. Og mellom der, i koret, ei lita perle av fransk musikk. Det er Ravel, det er enkelt, elegant, det er fuglelett og lengtande, det er enkle folkesongar med franske mansjettar til. Det er fem songar, det er akkurat nok, kvar tone fyller sin plass, men blir faktisk aldri for mye.

Uventa

Sånn hadde nok Ravel meint det. Men eg hadde ikkje venta det. For sant å seia kan Ravel bli litt i overkant for nokre av oss.. Det kan bli for søtt, for perlande. Men ikkje når Measha Brueggergosman syng. For eit instrument stemma hennar er — den er varm, inderleg, den kan trekkja seg nesten heilt tilbake, bli slank og jordnær. Teknikken hennar synes overlegen, og sidan ho syng på fransk, som vel strengt tatt ikkje alle av oss er heilt stødige i, kjem ein ennå nærmare innpå klangen, stemningsskifta frå det fjørlette og leikande, til varm, uthaldt lengt. Også Christian Ihle Hadlands anslag og følgje på piano er rislande lett, utan å gjera noko nummer ut av å vera akkurat det. Nei, for ei lita perle.

Nesten for svært

For den største og tyngste og mektigaste musikken kjem etterpå. Sjostakovitsj. Cellosonate. Musikken bølgjar frå det syngjande, lett melankolske, til det rytmisk drivande, vekslar mellom piano og cello, før det rytmiske drivet stort og intenst tar heilt over midt i verket. Så kjem celloens lange, vakre song, der pianoet legg seg tilbake og nesten bare kommenterer lågmælt og lyttande. Det er svært. Tysdag kveld blei cellosongen det vakraste, ennå unge Alexey Stadler når bare nesten over verket. Når rytmedrivet tar overhand, går det utover klangen, vekslingane mellom det lyriske og det meir intense er ennå ikkje så sjølvsagte, stor, varme og mektige som hos ein Truls Mørk. Så blir ikkje det verket som i programmet ser størst ut, det som gjer aller størst inntrykk.

Om Sjostakovitsj er svær og mektig, om Ravel brukte akkurat nok tonar, er Franz Schuberts introduksjon og variasjonar over "Trockne Blumen" lett og virtuos, med veldig, veldig mange tonar, kanskje til og med for mange tonar, i ei lang rekkje variasjonar. Det er for fløyte og piano, det er sjarmerande, og imponerande, men det er ikkje av Schuberts mest minneverdige. Sjølv om det er krevjande å spela, særleg for fløytisten, men også for pianisten, så er det strengt tatt ikkje så sikkert om vi hadde sakna det, hadde ein variasjon eller to blitt borte for oss. Men det var fint spelt. Sjølv om det hende dei to ikkje var heilt einige om kor tempoet skulle landa.

Og etter det, når augustkvelden mørknar og det snart er slutt for i kveld, skal Brahms få avslutta. Lyst og energisk og legg dei ut, dei fem strykarane i strykekvintett nummer 2. Celloen ber melodien, dei andre driv opp energien. Så samlar dei seg, pustar, lar førstefiolinen få føringa slik førstefiolinar gjerne vil, og glir over i det nesten salongaktig ubekymra. Sjølv vemodet i andre sats har ikkje tenkt å la livets byrder tyngja seg ned, det er varmt og inderleg, og rekk aldri å fortapa seg i tungsinn. Valsen som følgjer er trist, finalen blir innhenta av Aftenbladets deadline, men musikarane her er av stort kaliber. Clemens Hagens cello, Boris Brovtsyns sterke førstefiolin.

Likevel var det jammen Ravel som gjorde størst inntrykk. Det hadde eg ikkje trudd.

LES OGSÅ: