Rått og forfina

Orda blir sterkare enn musikken i Svein Tindberg og barokksolistane si framføring av Markuspasjonen.

Svein Tindberg kjem oss så nært. I forteljinga om menneskas feigskap, svik, misunning og ansvarsfråskriving. Henta frå Markusevangeliet, i historia om Jesu liding og død. Dei svik han, dei svik seg sjølv. Dei av disiplane som stod han nærast, klarer ikkje vaka med han den siste natta i Getsemane. Dei sovnar. Heile tida. Sjølv om Jesus er full av sorg og angst, klarer dei ikkje halda seg vakne for han. Heller ikkje Peter, som om litt skal blånekta for at han er ein av Jesus sine. Dei hovmodige øvsteprestane, som overlet han til romarane. Av småleg misunning, forkledd som forsvar for Gud sjølv. Pontius Pilatus, som ikkje orkar leggja seg ut med folket sånn rett oppi påskehøgtida deira og alt. Folket, som enkelt lar seg oppegla til å ropa på Barrabas, i staden for Jesus. Vaktar og folk og soldatar, som når Jesus først er teken og på veg til døden, nyttar eigen fridom til å spotta og håna han som dei er sikre på ingenting har å ta igjen med.

Svart

Og så Judas. Han som svik Jesus for pengar. Den nedrigaste, den vi ikkje går med på å kjenna oss igjen i. Og likevel, seier historia, at dette måtte til, for at skriftene skulle gå i oppfylling. Kven valde så ut Judas? Hadde han noko val? Var det betre om det hadde vore ein annan stakkar?

Svein Tindberg og barokksolistane valde seg Zetlitz-salen i Konserthuset til dette.Der salen er ein svart boks. Alle på scena har svarte klede. Bare hender og andlet lyser opp, saman med eitt einaste tent lys. Tindberg kveler flammen mellom to fingrar i det Jesus har anda ut.

Johann Sebastian Bach skreiv ikkje bare Johannespasjonen og Matteuspasjonen, han skreiv også ein Markuspasjon, men den gjekk tapt. Musikkforskaren Malcolm Bruno har gjennom ti års arbeid satt han saman for oss. Det er gjort i stor respekt for Bach. Også i det at Bruno bøyer av, han lar evangelisten fortelja dette i ord, ikkje i song frå barokken, som vi kunne forventa. Slik blir det tydeleg at dette er Bach, men det er Bach slik han har blitt sett og funnen nå. Musikken blir framført av Barokksolistane, leia av Bjarte Eike. Dei er få, dei spelar alle på gamle instrument. Det kling innovervend, som om noko blir halde tilbake. Dei fire songsolistane er også kor, også det er skrella ned.

Og i dette kan ein kjenna igjen Bachs merke og Bachs tid. Dei perlande lange tonerekkjene i lys blås og hos songsolistane, dei meir eller mindre kjende og rett-fram koralane. Det lette, men insisterande i kompet.

Framandt forfina

Slik har det seg også at musikken kan framstå som framandt forfina. Fordi råskapen og det nedrige i teksten kjem oss så nært, gjennom Tindbergs forteljing og enkle, men talande fakter.

Sjølvsagt er også Tindbergs skodespelarkunst forfina og foredla. Men det er i ord, i fakter, i vårt eige språk. Det blir unekteleg mykje sterkare for oss enn Bachs musikk, sjølv ypparleg framført, av sterke solistar.

Men det er ikkje slik heile tida. Når bassolisten overtar, når Jesus er død, når han syng "Det er fullført. Alt er smerte. Verda, god natt." Når solistane tar eit steg fram, og utan ein tone frå orkesteret syng "Velt alle dine veie". Då tar musikken og musikarane over der ordet slapp, då forsterkar det eine uttrykket det andre.

Det er ikkje sikkert det gjer noko at det ikkje alltid er slik. Det er ikkje sikkert det gjer noko at dei saman gir oss denne forteljinga frå heilt ulike hald. Frå vår eigen teatertradisjon. Frå vår eigen bibeltradisjon. Og frå tysk, barokk kunstmusikk.

Det gjer ikkje noko at ikkje alt i ei forteljing om så mye svik, feigskap, smerte og død går opp i ei høgare eining. For om teksten har blitt aldri så foredla på ulike språk i ulike kunstartar, til ulike tider, er det likevel rein råskap og djupe fall det handlar om.