Det sovjetiske hus slepp ikkje unna politikken

TURIST OG FORFATTAR: Kjartan Fløgstad si bok er bygd på ferdaminne frå det gamle sovjetiske området gjennom 40 år, både som turist, forfattar i møte med russiske lesarar og feltarbeidar på jakt etter materiale for denne boka.

«Trans-Sovjet Ekspress» er ei forunderleg bok. Ho er dels ei lærd innføring i sovjetisk arkitekturhistorie, dels ei reisedagbok med oppteikningar om stort og smått, dels sjølvbiografi og dels politisk polemikk.

Innimellom dukkar også den legendariske romanfiguren Hertingen frå Fløgstads «Fyr og flamme» opp som sidekommentator. Likevel er det samanheng i dette prosjektet. Fløgstad har gjennom heile sin forfattarskap løfta fram kulturen, erfaringane og historia til arbeidarklassen. Det har også gitt han ei spesiell interesse for det sovjetiske eksperimentet, «det første forsøket på å bygga ein stat på dei som ikkje hadde anna å mista enn lenkjene sine». Noko av han sjølv er å finna i ruinane etter Sovjetsamveldet sin undergang, skriv han.

Fløgstad ønskjer å «riva erfaringar laus frå kaldkrigsgrepet» og diskutera det sovjetiske eksperimentet nøkternt og distansert. Han underslår ikkje den tragiske utviklinga i Sovjetunionen, der optimismen og håpet etter revolusjonen vart avløyst av terror, stagnasjon, forfall og samanbrot.

Men tida er også inne til å spørja om det var noko som gjekk godt, meiner han.

Når Kjartan Fløgstad har valt arkitekturen som eksempel, er det nok delvis av personlege grunnar. Han begynte i si tid på arkitektlinja på Norges tekniske høyskole, men gode lærarar lærte han snart at det ikkje var arkitekt han skulle bli. Interessa for faget har han tydelegvis halde ved like.

Ei anna årsak er at dei sovjetiske arkitektane var under mindre politisk press enn fleire andre yrkesgrupper. Rett nok er det lett å sjå korleis stilideala skifter, frå Stalins pompøse nyklassisisme til Khrusjtsjovs enkle og brutale funksjonalisme, men arkitektane hadde likevel eit visst spelerom som gjer sovjetisk arkitektur til eit interessant studiefelt for den som er nysgjerrig og har auge å sjå med.

Fløgstad gir oss mange eksempel både på det beste og det verste, og formidlar eit bilete av sovjetisk byggjekunst som er meir nyansert enn det grå, triste blokkhelvetet som dei fleste av oss straks tenkjer på. Eg har ikkje nok kunnskap om arkitektur til å gå han etter i saumane her, men det ser ut til at han har skrive ei yrkeshistorie som held solid fagleg mål. Når det gjeld anna faktastoff, er han i alle fall presis og til å stola på.

Fløgstad hadde likevel ikkje vore Fløgstad om han ikkje samtidig hadde levert eit forsvar for «arbeidarstatens» kunstsyn: «Kvifor er raudkinna kvinnelege traktorkøyrarar dårleg, raudkinna Rubens-englar god kunst?» Nei, sei det. Kanskje fordi direktiva frå Kreml førte til at det vart ganske mange og like kvinnelege traktorkøyrarar i sovjetisk kunst, og fordi det verkelege livet på den sovjetiske landsbygda på 1930-talet skilde seg minst like dramatisk frå bileta på lerretet som Rubens-englane i himmelen frå det hollandske jordelivet på 1600-talet. Men i prinsippet er spørsmålet godt.

Eg har også sympati for Fløgstad sitt ønske om å vurdera Sovjetunionen frikopla frå kaldkrigsrammene. Det fører stundom til tankevekkjande brot med tradisjonelle stereotypiar, som at Stalin-terroren ikkje berre vart utøvd som despoti ovanfrå, men også kvilte på «ein ungdommeleg kulturrevolusjon nedanfrå». Parallellen til Kina ligg nær.

Andre stader synest eg han viser ein overdriven vilje til å ta ting i beste meining. Det er sannsynlegvis rett at mange baltiske jødar berga livet fordi Stalin deporterte hundretusentals baltarar til Sibir etter den sovjetiske okkupasjonen av Estland, Latvia og Litauen i 1940.

Deportasjonane blir ikkje meir moralsk forsvarlege av den grunn. Og mange jødar var også blant dei som aldri kom tilbake til heimlandet.

Boka er bygd på ferdaminne frå det gamle sovjetiske området gjennom 40 år, både som turist, forfattar i møte med russiske lesarar og feltarbeidar på jakt etter materiale for denne boka.

Stilen er attkjennande fløgstadsk, ei enorm kunnskapsformidling para med lune, jordnære kvardagsopplevingar og fiffige ordspel. Ryfylke møter Russland, ofte med godt resultat. «Men det var sand i maskineriet og for mykje sand i støypen,» skriv han om bustadbygginga under Khrusjtsjov. Mange som i dag bur i dei falleferdige restane av «khrusjtsjovka-blokkene» vil kjenna seg igjen.

Det er i grunnen håplaust å gi hjarte til ei slik bok. Men systemtvangen krev sitt. Når det gjeld Fløgstad, må lista leggjast høgt. Eg landar under tvil på ein sterk firar.