Ingen land har meir kjøpesenterplass per innbyggjar enn Norge. Det nøyaktige talet er 926 kvadratmeter pr. tusen personar, altså nær ein kvadratmeter på kvar av oss. Me grusar alle andre land i den konkurransen. Estland kjem på andre plass med 608 kvadratmeter, følgt av Sverige med 434.
Men er det noko å vera stolt av? Ronny Spaans svarar eit klart og tydeleg nei. Frå 2011 har han reist landet rundt for vekeavisa Dag og Tid, studert by- og tettstadutvikling og trilla terning. Nå er reportasjane samla i bokform.
Resultatet av oppdagingsferdene er ikkje opplyftande, slik Spaans ser det. Med nokre få heiderlege unntak er byutviklinga i Norge planlaus og tek ikkje tilstrekkeleg omsyn til miljø, tradisjon og estetikk. Paradoksalt nok skjer dette i ein epoke der me aldri har hatt betre råd til å skapa noko som er vakkert.
For denne meldaren, som meiner at lokaldemokratiet er noko av det nærmaste me kjem arvesølv her i landet, er det deprimerande å lesa korleis kommunepolitikarar på stad etter stad legg seg flate for investorar og utbyggjarar som lovar auka handel og nye arbeidsplassar. Dermed får forretningsinteressene leggja premissane for ei utvikling som ofte fører til utarming av eksisterande sentrum, meir bilbruk og lite gjennomtenkt tettstadsvekst.
Kjøpesentera skal likevel ikkje ha heile skulda. Spaans gir fleire eksempel på at det offentlege sjølv byggjer minst like ille. Kunnskap og medvit om stadutvikling er tydelegvis mangelvare både hos politikarar og byråkratar i mange kommunar.
Nå kan det sjølvsagt diskuterast kva som er stygt og pent. Ronny Spaans plasserer seg klart blant dei som meiner at utviklinga må byggja på eksisterande tradisjonar. To stader får seksar på terningen: Lom og Røros. Førde, Ørsta, Sandvika og Gran får ein einar. Sandnes, Norges raskast veksande by dei siste åra, får to. «Sandnes er allergisk mot urban fortetting. (…) Sandnesgauken er vorten styrtrik. Luksusen synest likevel ikkje i glans og glamour, men i eigedomskjøp, kombinert med bilvask og plenklipping,» skriv Spaans sarkastisk.
Sjølv om ein kan nikka attkjennande til dette, har Spaans lett for å tippa over i ein klisjefylt kritikk av alt som er nytt og nyrikt. For dei av oss som kjende Sandnes før styrtrikdommen kom, er det i alle fall ikkje openbert at dei estetiske og byplanmessige kvalitetane var høgare då.
Spaans har likevel mange interessante observasjonar av korleis byplanprosessar utspelar seg rundt om i landet. Arkitektane og planleggjarane representerer ofte smak og verdiar som kolliderer med oppfatningane til folk flest. Utan alliansar mellom folk og fag får utbyggjarane endå friare hender. Og modernisme og funksjonalisme, som ein gong var ei radikal og opprørsk retning, «er i dag sjølv uthola og talar språket til makta,» meiner Spaans.
Vinklinga på dei ulike reportasjane kan, kanskje inspirert av temaet, verka litt planlaus. Spaans har gripe fatt i det som han synest er interessant på kvar stad, og har tydelegvis ikkje samanlikna systematisk etter faste kriterium.
Det er også påfallande at Stavanger er den einaste større byen i landet som ikkje er vurdert. Oljehovudstaden med sitt gamle trehussentrum er kanskje den byen i Norge som har hatt dei største utfordringane innan byutvikling dei siste 50 åra.
Biletmaterialet er ikkje godt nok. Små fotografi, ofte tatt på lang avstand, er dårleg eigna som illustrasjonar til dette temaet. Eg saknar også fleire stader bilete av bygningar og planløysingar som er inngåande drøfta i teksten.
Når det er sagt, burde «Kjøpesenterlandet» vera obligatorisk lesnad for leiinga i norske kommunar. Det trengst nokre motførestellingar til neste gong nokon kjem og viser glansbilete på powerpoint.