Kampskrift for fagarbeidaren

HANDVERKARFAG: Boka har sin styrke i dei store kunnskapane og dei omfattande praktiske erfaringane til forfattaren.

Jonas Bals er ein moderne lesande arbeidar. Han er utdanna malar og historikar, mangeårig fagforeiningsaktivist og for tida rådgivar for Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Boka «Hvem skal bygge landet?» er eit kampskrift for handverkarfaga. Her går Bals i fotspora til den danske muraren Mattias Tesfaye, som for nokre år sidan skapte debatt med boka «Kloge hænder».

Bals, som Tesfaye, slår alarm om statusfallet til dei praktiske yrka, som fører til svakare rekruttering, mindre yrkesstoltheit og dårlegare arbeid. Det taper til sjuande og sist alle på.

Bals har opplevd sin del av kvardagsdiskrimineringa, som dei stadige spørsmåla om kvifor han, som er så glad i å lesa bøker, har valt å bli malar. Og han stiller med rette spørsmålet om kvifor så mange er urolege for dei «teorisvake», medan ordet «praksissterk» er fråverande i språket.

Likevel har boka hans ingen brodd mot akademikarane. Han meiner det er feil å auka forskjellen mellom praktiske og teoretiske retningar i skulen. Kvifor skal ikkje yrkeselevar lesa skjønnlitteratur? Også praktiske fag inneheld mykje teori, men på eigne premissar som ikkje alltid blir forstått og respektert. Visjonen til Bals er eit «samfunn utan grøfter, der vi står i øyehøyde med hverandre. Et samfunn der håndverkeren ikke forakter akademikeren, og hvor akademikeren ikke ser ned på praktikeren.»

Vegen dit går gjennom politikken. Og mykje har gått feil veg dei siste tiåra, i den grad at Bals ein stad snakkar om «ein kontrarevolusjon mot Einar Gerhardsens verk».

Spesielt etter EU-utvidinga i 2004 og den sterke tilstrøyminga av austeuropeiske arbeidsinnvandrarar som følgde i kjølvatnet av den, såg me ei oppblomstring av useriøse og regelrett kriminelle firma i fleire handverksbransjar. Lovar, avtalar og standardar som skulle sikra lønnsnivå, ordna arbeidsforhold og fagleg kvalitet vart sette under press, og faga kom i vanry. «Polakkarbeid» vart eit negativt stempel.

På toppen kom nye, angloamerikansk-inspirerte organisasjonsmodellar i arbeidslivet som la vekt på toppstyring og kontroll og gav mindre rom for den sjølvstendige fagarbeidaren.

Bals vil likevel ikkje seia opp EØS-avtalen eller stenga grensene for utanlandske arbeidarar. Strategien må vera fagorganisering og politisk kamp for like arbeids- og lønnsvilkår for alle.

Rett nok har han erfaring for at organisering av polske, baltiske og andre utanlandske arbeidarar ikkje alltid er enkelt, dei er redde for å mista jobben og har i mange tilfelle eit negativt syn på alt som kan assosierast med sosialisme. Men det er den einaste vegen å gå om ein skal forsvara sentrale verdiar i det norske arbeidslivet og unngå å gi høgrepopulismen meir vatn på mølla, meiner han.

Boka har sin styrke i dei store kunnskapane og dei omfattande praktiske erfaringane til forfattaren. Dette er ein mann som veit kva han snakkar om, som reiser ein svært viktig debatt, og som har mange konkrete forslag til å betra situasjonen.

Samstundes blir han til tider vel mykje partipolitikar. Sjølv om den blå-blå regjeringa kan kritiserast for mykje i arbeidslivspolitikken, gjer Bals frontane skarpare enn dei er. Når han for eksempel rosar Rogaland – i kontrast til Oslo – for innsatsen for å skaffa lærlingplassar, så er det eit arbeid som lokale Høgre-politikarar har fronta med stor glød.

Og det bør vera eit tankekors for Bals at heller ikkje Arbeidarpartiet gjennom sine mange år ved regjeringsmakta har greidd å demma opp for den negative utviklinga for handverksfaga.

Det er kanskje ikkje å venta at ein rådgivar for Jonas Gahr Støre skal vera altfor sjølvransakande på partiet sine vegner, men eg saknar ein djupare analyse av Arbeidarpartiet si rolle.

At Jonas Bals etter kampvotering måtte nøya seg med ein 13.-plass på Ap si stortingsliste i Oslo, ei liste som elles er fylt av heiltidspolitikarar og kommunikasjonsrådgivarar, viser at det kan vera eit stykke fram for Bals sine visjonar også på heimebane.