I musikkvideoen til «Den första er alltid gratis», opnings— og tittelkuttet, på Veronica Maggios nye plate, vaknar ho til slutt opp på stranda. Håret er blått, den svarte skinnjakka, som ho har gått med gjennom videoen, er borte. Ho går bortover stranda, åleine og usikker.
Over kjølig, rullande åttitalssynth, smektande strykarar og ein rastlaus beat, manar ho på klassisk Maggio-vis fram treffsikre slagordsaktige observasjonar. Första gongen / första kyssen / första drömmen e så lett att fånga. Första lögnen / första smellen / första sveket kan man alltid ångra …
Hårfargen og scenaer eit nikk til karakteren Clementine frå «Evig solskinn i et plettfritt sinn», ein film om gløymte minner. Det er ein låt som luktar av vår. Stemninga, intensiteten, men også melankolien som lurer i bakgrunnen. Maggio har sjølv kalla denne plata «ærlegare og mørkare» enn tidlegare utgjevingar.
Lydbiletet er gjennomgåande tungt drapert i synth, i enno sterkare grad enn dei to siste platene «Handen i fickan fast jag bryr mig» og «Satan i gatan». Det har vore ein gradvis prosess, med nye samarbeidspartnarar undervegs. Retrosoulen ho slo gjennom med på «Och vinnaren är …» følast langt borte. Så har det også gått ti år sidan Maggio platedebuterte, fem år sidan «Jag kommer» gjorde henne til skandinavisk popstjerne.
Les også:
Ho har likevel heldt på eit særpreg heile vegen, takka vere sin gode poplyrikk og evne til å skape catchy refreng. Dei gode popaugneblinkane er heldigvis til stades også denne gongen. Tittelkuttet er alt nemnt. Uptempo «Dom sa» har eit fint gitardriv og ein melodi som hektar seg.
Det same kan seiast om popsensible «Verkligheten», med sitt lystige synthriff og Maggios insisterande stemme. Gjennomgåande har likevel plata for svake spor. Eg mistenkjer at dette er grunnen til overproduksjonen, som tidvis heimsøkjer plata. Synthen er nemleg eit tviegga sverd når den blir brukt for å maskere litt for tynne låtar, som til dømes «Svart sommar» eller «Femton».
Andre songar viser at Maggio prøver ut nytt land. På «Ayahuasca» høyrest ho brått ut som ein svensk ekvivalent til Highasakite, med triumferande indiepop-rytmikk og gitarplukking som sender tankane i retning austlege breiddegrader.
Mine personlege Maggio-favorittar har alltid vore dei nedtona augneblinkane, frå den grinevakre soulen i «Inget kan ändra på det» til den såre strykartunge balladen «Låtsas som det regnar». Når ho har færre element å gøyme seg bak, kjem lyrikken og vokalen hennar sterkare til sin rett. Dette er også tilfellet denne gongen. Sistesporet «Förlorad for alltid» ber bod om den popmagien som Maggio har i seg.