Ny stjernetrio skapte magi på verdspremieren

DEBUT: Trommis Magnus Öström, bassist Dan Berglund og pianist Bugge Wesseltoft med triodebut på Nattjazzen.

Nattjazzfolket står som sild i tønne på Sardinen. Det er ei viss forventning til denne heilt nye trioen som har funne i hop og skal spela sin aller første konsert saman.

Med nyskrive materiale og komposisjonar frå alle tre, startar dei vart og byggjer det heile stille opp på melodiøst og vakkert vis. Det gruvar forsiktig. Det dirrar ei spenning i det overfylte lokalet. Kva retning vil dette ta?

Dan Berglund og Magnus Öström var to tredjedelar av den etter kvart så legendariske jazztrioen E.S.T. Dei var i full aktivitet og heldt det gåande frå 1993 til ein brå og tragisk slutt då Esbjørn Svensson, pianisten, låtskrivaren og mannen som gav namnet til trioen, omkom i 2008 i ei dykkarulykke. Dei spelte i gamle Røkeriet i 2006.

Bugge Wesseltoft er godt kjent gjennom alt han har halde på med, både i band og solosamanhengar. New Conseption of Jazz starta på Nattjazz i 1996, har vore verda rundt og hatt både 10- og 20-årsjubileum på Verftet. Han er òg kjent for soloprosjekta sine, og kanskje aller mest for juleplata «Its snowing on my piano». Sist helg var han på festspelprogrammet og gjorde Bach saman med Kammerorkester.

Wesseltoft, Öström og Berglund finn kontakten på scena i det overfylte nattjazzlokalet. Det gnistrar forsiktig av musikken dei lokkar ut av flygel, slagverk og bass. Komposisjonane er på sitt vis enkle og harmoniske.

Det er ikkje fritt for referansar. Sjølvsagt er det ikkje det. Først og fremst refererer dei til seg sjølve og det dei har gjort og har med seg på kvar sine vis som jazznyskaparar gjennom snart tre tiår.

Det som likevel til dei grader pregar framføringa, er det opne sinnet og viljen til å la dette bli noko heilt eige. Det er så framifrå elegant det dei får til. Det kjennest nytt og friskt og blir fort ei ganske sterk oppleving.

Musikarane likar seg på scena. Det å flinka og forta seg for å imponera, er dei heldigvis ikkje så opptekne av. Her handlar det mest om stor trivsel og å skapa noko fint saman. Dei gjev kvarandre rom og viser stor respekt både for stunda, sine medmusikarar og for det dei er med å forma. Det er så ein kan kjenna at dei har lengta etter akkurat dette.

Spelet treffer publikum med kraft, venleik og nerve. Dei likar det dei blir servert. Responsen er ikkje til å ta feil av, med lange applausar og trampeklapp etter alle låtane.

Det blei ei magisk stund av dei sjeldne. Ein ny, nydeleg pianotrio er født og dei som likar slikt, kan berre gleda seg til kva som ventar når desse får skrudd seg i hop og verkeleg får materialet under huda.