Tysdag kveld var det duka for ei heilt spesiell operapremiere i Bergen.
På plakaten stod eit sjeldan framført verk komponert av ein dei store russiske meistrane.
Rimskij-Korsakovs "Den Usynlige byen" er eit massivt verk som på den eine sida er ei klassisk kjærleikshistorie: Ei jente av folket som møter ein prins i skogen og blir forelska. Dei gifter seg trass motstand frå aristokratiet. Parallelt med romansen ligg det trugsmål over byen deira. Tartarane er på veg og er kjende for å spreie skrekk og gru: valdtekter, tortur og drap.
Rett før åtaket blir byen Kitezh innhylla i tett tåke som gjer byen usynleg for fiendane. Mirakuløst lettar den først når barbarane har gått vidare til neste by.
Frå første tone kunne ein merka kor godt dirigent Anne Randine Øverbye har granska dette musikalske materialet. Tekstuttalen var glitrande og tydeleg. Diverre var det berre sett opp ein tekstskjerm i rommet. Det gjorde blikkvinkelen særs sprikande for oss som sat på motsett side av tekstmaskina. Det var utfordrande å få med seg både tekst og handling. I periodar var ein difor tvungen til å velje bort teksten.
Til solistpartia hadde Øverby sett saman eit svært russisk-kompetent solistteam. Eg vil særleg trekke fram Eugenia Dushina i hovudrolla. Ein imponerande mjuk og dynamisk tone. Dei lokale solistane frå operakoret stod også for fine prestasjonar – med truverd og sikker klang. I orkestergrava skjedde det også mykje fint. Særleg i enkeltpartia.
Med minimal økonomi har Øverby og Opera Bergen i ei årrekke skapt operarom. Og som oftast – i Johanneskirken og på Festningen – har dette fungert godt. I Sentralbadet fungerte dette fint visuelt og musikalsk. Stupetårnet vart til dømes ei stilisert kyrkje i brutalististisk stil. Akustisk var det derimot ikkje bra til tider.
Eg lurer på om dette hadde med asymmetrien i symjehallen å gjere. Keramiske fliser er heller ikkje med på å skape eit godt akustisk rom. Dette høyrde ein når framføringa glei inn i diskantpartia. Gjennomgåande var til tider solistar og kor ikkje i synk med orkestergrava. Eg lurer på om intonasjonsproblema hadde same årsak som manglande synkronisitet.
Nett difor vil eg ikkje tilrå bruk av bygget til ei slik musikalsk form. Til heilt andre musikalske uttrykk er derimot huset perfekt. Få vil gløyme avslutninga av Bergen Assembly i haust med ein forrykande og sjeldan DJ-lineup.
Som operahus er Sentralbadet ikkje tingen. Trass det er det vel verdt å oppleve dette rommet som ein pop-up opera. Tysdagens framsyning var definitivt ei påminning på kor rik Bergen er musikalsk – med to operakompani i same by. Skulle berre mangle at ein ikkje hadde eit skikkeleg operahus med plass til båe to. Det kan vere ei spanande oppgåve for den nye byarkitekten.