Geir Tangen fekk mykje godord for debutboka «Maestro», som kom på eige forlag i fjor. Fortent. Boka bobla av overskot og intrigen var grei original, men kanskje ikkje original. Det same kan, dessverre, ikkje seiast om «Hjerteknuser».
Etter ein rusprega ungdomsfest i Haugesund vaknar ungguten Alexander Hauge Gudmundsson i dundrande bakrus i same seng som ungjenta Emelie. Ho er død. Guten får hetta, stel bilen til far sin, Viljar Ravn Gudmundsson, og køyrer villmann, med politiet i hælane. Fleire mord følgjer, og Lotte Skeisvoll – som har eit nokså uvanleg samarbeid med far Gudmundsson – trur mordaren kjem frå eit høgreekstremt miljø i Haugesund. Porno – og det forlaget karakteriserer som eksperimentell sex – kjem i tillegg.
Dessutan er det tale om masse sladder og uinteressant småprat. Språkleg kladdar det også, flosklar er det fullt av. Av ein eller annan grunn fortel forfattaren at han siterer andre forfattarar. Kvifor, må himmelen vite.
I «Maestro» stod eit liknande litterært grep fram som, skal vi seie, småfrekk, men artig leik med prestasjonane til eit utval andre forfattarar. I årets blir det berre platt.
Personteikningane er lite å rope hurra for. Som eg har skrive fleire gonger, krava til personar som psykologisk står fram som truverdige, er ikkje like absolutte som i ein «vanleg» roman, men her blir verken far og son Ravn Gudmundsson – eller Lotte Skeisvoll stort meir enn pappfigurar. Enkelte stader, særleg mot slutten, greier forfattaren å skape litt spenning, men som heilskap fell boka, etter mi meining, igjennom.
Det er fleire ting som overraskar meg. For det første synst eg det er rart at ikkje forfattaren sjølv har innsett kor svak boka er på mange plan. Debutboka viser tydeleg at han kan mykje betre – utan hjelp av konsulentapparatet til Gyldendal («Maestro» kom ut på eige forlag).
Det største paradokset er likevel at eit forlag som Gyldendal, slepper gjennom ei slik – eg vil påstå – uferdig bok. Det ligg nær å konkludere med at forlaget, har lete økonomiske motiv bety meir enn kvalitet.