Åleinepappa Franco og Kai, ein gut vi ikkje får vite alderen til, bur ute på landet. Det er sommarferie, noko Kai likar. Far likar ikkje ferie. Han eig ein fiskebil som han køyrer rundt med og sel fisk til gamle menneske og andre som ikkje likar å gå i butikkar.
Forfattaren har hatt det ganske gøy under skrivinga, og boka ber preg av grundig arbeid, både med innhald og språk.
Ein dag får Franco eit brev frå banken. Han les det og legg det til sides. Kai lurar seg til å lese det og blir forskrekka. Banken vil selje huset fordi pappa ikkje betalar rekningane sine. Kai vil hjelpe og klekker ut ein lur plan.
Han skal selje småfroskane nede i ein dam på jordet. På underleg vis blir ein stor frosk til ein kjempesvær frosk. Kva no? Politiet får eit tips, departementet også – og statsministeren! Noko fantasieggjande og kjempestort er på gang, men så klikkar det for kjempefrosken. Korleis? Nei, det røpar eg sjølvsagt ikkje!
Som barnebokforfattar er Ole Kristian Løyning debutant. Han har skrive ei lettlesen – og spennande barnebok. Ei fin blanding av jordnære fakta, og livleg fantasi, jamfør kjempefrosken.
Løyning, som bur i Vennesla, let dyret skjøne meir av menneskeleg språk enn nokon frosk nokosinne har gjort. Å seie at forfattaren skaper ein personlegdom av kjempefrosken vil vere å gå for langt, men barn frå sju-åtteårsalderen og oppover let seg fascinere av det eventyrlege.
Dessutan, pappa Franco, som gjerne leskar seg med ei brun flaske – eller fleire (mens Kai får cola) – er attkjennande for svært mange barn. Franco er kanskje ikkje nokon ideell far, men han er ekte.
Mykje av teksten er dialogar som flyt lett og greitt. Humor er det flust av, både for barna – og for dei vaksne som les for barna. Stikk, blant anna til politiske tilhøve, treffer godt. Forfattaren har hatt det ganske gøy under skrivinga, og boka ber preg av grundig arbeid, både med innhald og språk.
På tampen, det er litt synd at ikkje forlaget har satsa på i alle fall nokre illustrasjonar. Det kryr av situasjonar som formeleg ropar etter å bli teikna. Sjølv i svart-kvitt ville nokre teikningar ha gjort boka betre.