Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne drepne i skogen. Etter kvart viser det seg at saka frå 2012 har tilknyting til eit drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet. Trådar går også tilbake til 1960-talet og Svaneviken arbeidskoloni. Til denne institusjonen blei taterfamiliar tvangssendte for å lære seg «den norske bufaste kultur.» Tidlegare etterforskar Jon Fannrem og psykolog og kampsportsutøvar Ina Grieg leitar etter sanninga. Med andre ord ein krimroman, ein svært god ein.
Men, denne romanen er mykje meir enn underhaldning. Eg vil sitere frå etterordet, «Kjelder og takk»: «Denne boka tar opp ein av dei verkeleg mørke plettane i noregshistoria, nemleg kor skammeleg eit heilt folkeslag, taterane eller romanifolket, er blitt behandla her i landet.»
Boka er fiksjon, men alt som gjeld korleis romanifolket blei behandla av norske styresmakter på 1900-talet er svært godt dokumentert.
Skildringa av korleis vaksne kvinner og menn blir behandla er sterk. For å ta eit døme, den omfattande steriliseringa, særleg av kvinner, er vond å lese. Likevel er det forfattaren kan fortelje om handsaminga av barn på Svaneviken arbeidskoloni mange gonger verre. Garbriel Scotts «De vergeløse» frå 1938 er sterk kost. Barneheimsbarna på Flugum har det fælt, men barna og dei unge på Svaneviken har det mykje verre.
Eg meiner eg har lese ein eller annan stad at Lars Mæhle har uttala at ein kriminalroman bør rette søkelyset mot eit samfunnsproblem. Han har sjølv gjort det i denne boka. Til tider er det så grovt at eg ikkje vil gå i detaljar.
Men i det nemnde etterordet understrekar Mæhle, på same måten som Scott i si tid, at absolutt alt er bygt på konkrete opplysningar frå oppegåande menneske som sjølve hadde opplevd overgrepa. «Den stille flokken» er ei av dei mest rystande bøker eg har lese. Og ei av dei beste.