Elegant og hardtslåande krim

Svenske Arne Dahl (54) heiter eigentleg Jan Arnald, og har skrive ei rekke bøker både med det verkelege namnet sitt – og pseudonymet. «Utmarker» er starten på ein ny krimserie med Sam Berger og Molly Blom som dei sentrale etterforskarane.

I utgangspunktet er ikkje plottet spesielt originalt, men forfattaren har på oppfinnsamt vis bygt det ut slik at det blir opplevd av lesaren som svært overraskande. Det er jakta på ein serie-drapsmann – eller kanskje kvinne – det handlar om. Litt etter litt hamnar både Blom og Berger i søkelyset på ein svært krevjande måte. Akkurat korleis og kvifor skal eg teie med.

Ikkje overraskande kanskje, men likevel, leitinga etter motivet til massemordaren greier forfattaren å gjere mykje ut av: galskap? sadisme? seksualitet? Hemn? I det svenske Säpo (sikkerheitspolitiet) er det ikkje alle som meiner at slikt som menneskerettar betyr noko særleg.

Molly Blom er Säpo-agent, med fullmakter og ressursar som «vanleg» politi ikkje har. Sentralt i etterforskinga – særleg den Berger står for – er ein kvinneleg syklist som dukkar opp som interessert tilskodar på mange stader. Ho blir stadig meir sentral, men ikkje på ein måte som eg hadde tenkt meg. Snarare tvert imot! Det er i seg sjølv eit kvalitetsstempel.

Arne Dahl/Jan Arnald

Sam Berger kjem vi, litt etter litt, svært tett på. For å nytte ein floskel, vi kjem under huda på han. Med andre ord, han blir ein personlegdom vi som lesarar føler at står til truande psykologisk. Han er i høg grad sjølvstendig, og nøler ikkje med å gå sine eigne vegar; les gjerne, trasse påbod og instruksar. Molly Blom blir, i alle fall for meg, ei kvinne eg ikkje heilt får plassert i nokon bås. Ganske tøff og sjølvstendig, men heller ikkje stort meir.

No skal eg vere svært varsam, men når det svenske Säpo er på banen, er det i høgste grad tale om alvor. Eg ser fram til neste bok, og tenker at Blom kanskje i den blir ei kvinne eg kan identifise meg med. Til så lenge konstaterer eg at Dahl har skrive ein skikkeleg «page-turner.»