«Er du med på leken» er den 4. boka med etterforskar Helen Grace i politiet i Southampton i hovudrollen. For eit års tid sidan omtale eg den 3. boka, «Dukkehuset», under overskrifta «Spenning så det held.» Eg nøler ikkje med å skrive det same om boka i år.
Tre brannar same seinkvelden i Southampton gjer at Helen Grace, som dei fleste andre, raskt skjønar at her er ein pyroman, eller fleire, på ferde. Neste seinkveld – tre brannar til – og det stoppar ikkje der. Tredje kvelden skjer det same. Då er Helen Grace klår over at ho og politiet i byen jaktar på, ikkje berre ein pyroman, men ein, eller fleire, som systematisk startar mordbrannar. Fleire menneske har blitt flammenes rov, blant andre ei lita jente på seks år. Ein tenåring med epilepsi overlever, mirakuløst.
Ein verkeleg god krim må, etter mi meining, både ha eit originalt plott som står til truande, og hovudpersonar som psykologisk er truverdige. Viss forfattaren i tillegg har eit sosialpolitisk ærend, er det eit ekstra pluss.
Utan å røpe for mykje, sjølv om ein pyroman tvillaust er på ferde – fullt så enkelt er det ikkje i boka til Arlidge. Det blir – etter kvart – ganske mange personar å halde greie på i romanen, fleire enn naudsynt, meiner eg.
Men politietterforskaren Helen Grace er fascinerande. Ho har sine, varsamt sagt, spesielle sider, inkludert destruktive demonar. Ein av dei gjev henne avslørande blåmerke over det meste av kroppen – på eit svært lite passande tidspunkt. Overskrifta, «Er du med på leken» – utan spørjeteikn – er ein svært råkande tittel. Med spørjeteikn etter, ville tittelen – etter mi meining – vore på grensa til ein råskap eg ikkje kunne akseptere.
Litt underfundig? Ja, kanskje det, men orda er ikkje tilfeldig valde. Tvert imot, orda er vegne på gullvekt. «Er du med på leken.» er ein kriminalroman som ikkje berre underheld, men som også utfordrar. I bakgrunnen meir enn anar vi, eit samfunnsengasjert menneske som ikkje er spesielt begeistra for britisk politikk i dag. For å seie det forsiktig.