Etter tre rolege år som forelesar på Politihøgskulen, let Harry Hole seg overtale til å danne ei eiga, lita etterforskingsgruppe. Bakgrunnen er at fleire unge jenter, som har vore aktive på ein sjekke-app, Tinder, blir funne bestialsk drepne.
Det som blir avgjerande for at Hole tar oppdraget, er at han mistenker at seriedrapsmannen kan vere ein mann verken han eller Oslopolitiet greidde å ta for om lag tre år sidan. Akkurat det skal eg ikkje seie meir om, men slå fast at «Tørst» er ein krimroman på det nivået ein ventar av Nesbø. Minst.
Tittelen fekk meg til å tenke at det kanskje skulle handle ekstra mykje om Holes alkohol(mis)bruk. Rett nok blir det eit par fyllekuler, men alkoholtørsten er mindre enn vanleg i denne boka. Heller ikkje dette skal eg utdjupe, men plottet er, genialt.
Når massemordaren blir innhenta rundt side 400, har Hole eit ess i ermet. Det er litt flautt å innrømme det, men faktisk tenkte eg at no kjem det over 100 sider med fyllkalk. Så feil kan ein ta når forfattaren er Nesbø.
Boka fyller over 520 sider, og utan å røpe for mykje, han som inspirerte og «styrde» den bestialske drapsmannen, blir ikkje avslørt før på dei siste 100 sidene. Sagt på ein annan måte, «Tørst» har to markerte spenningstoppar – og den siste er heilt fenomenal.
Sjølvsagt strevar Hole framleis med sine demonar, like sjølvsagt er avsløringar av misunning innan Oslopolitiet – og lekkasjar til pressa. Eg synst ganske ofte at krimbøker er for mykje prega av unødvendig småprat. Småprat er det også i denne boka, men – og det er det som skil den litterære klinten frå kveiten – småpraten i «Tørst» er naudsynt. Det er musikalske kommentarar, politiske og kulturelle spark i mange retningar – og råkande geip med trendar i tida.
Manuset til «Flaggermusmannen», første boka om Hole, blei sendt til Aschehoug i 1997 under pseudonymet, Kim Erik Lokker. At Nesbø alt var kjendis som låtskrivar og solist i gruppa «Di Derre» skulle ikkje (mis)brukast i marknadsføringa. Aschehoug har nok ikkje akkurat angra på at boka blei ein realitet…