Som ei lang nyhetssending

Det er ein raud tråd gjennom denne 317 sider lange og svært mangfaldige og sterkt personlege romanen; forholdet hans til far. Boka har inga oppdeling i det heile, ikkje kapittel og er heilt utan avsnitt.

Hovudpersonen, «jeg», blir sendt på jobbsøkjarkurs (NAV), og rablar ned det som fell han inn, tilsynelatande utan systematikk av noko slag, kanskje bortsett frå valfarten til Lofoten der han leitar etter fotefara til faren.

Noka konkret handling finst ikkje, alt skjer i hovudet til Stig Aasvik. Eg greip meg sjølv i å tenke, dette er einslags 317 sider lang «TV2-Nyhetskanalensending», med Stig Aasvik som nyhendelesar. På nytt, tilsynelatande i hytt og pine, dukkar dei opp, Carl i Hagen, Sylvi Listhaug, forfattarane Per Petterson og Dag Solstad – for å ha nemnt nokre av «kjendisane».

Han er ikkje akkurat snill, Listhaug blir presentert som «Obersturmfûrer» - og det fortel vel det meste om kva han meiner om denne statsråden. Carl I. Hagen får også så hatten passar – for å vere varsam. Seg sjølv utleverer han nesten like nådelaust som Karl Ove Knausgaard, men han viser meir varsemd når det gjeld familien, sjølv om han ikkje akkurat er «snill» mot dei heller.

I dette avsnittet har eg to gonger nytta ordet tilsynelatande. Etter å ha lese heile boka grundig, to gonger, er eg sikker på at det ligg mykje og systematisk arbeid bak.

Grunnleggande er «Lofotveggen», etter mi meining, ein litt krevjande, moderne roman. Det er noko flimrande, av og til (tilsynelatande) usamanhengande, over dei lange tiradane gjennom heile boka.

Stig Aasvik

På fint heiter det «Stream of consciousness», som Wikipedia tolkar slik: «I litteraturteori betegner begrepet en litterær teknikk som i ekstrem grad inntar en indre synsvinkel ved å gjengi en persons bevissthetsstrøm.

Det er ein mann som har skrive denne intellektuelt utfordrande romanen. Om det er ei av årsakene til at eg kan følgje dei sprelske innfalla hans, veit eg ikkje sikkert.

I alle høve, Aasviks siste bok er både utfordrande og godt krydra med saftige karakteristikkar av både kjende og ukjende.