God frokost med Thorvald

I eit forord skriv Per Anders Madsen om arbeidsdelinga: «Thorvald fører ordet og jeg pennen.» Det er altså ikkje tale om ein dialog, men ein monolog, der politikaren, diplomaten, faren og ektemannen Stoltenberg fortel og Madsen skriv.

«Sju samtaler om verden, livet og kjærligheten» lyder undertittelen. Frukostane på kjøkkenet i Mogens Thorsens gate med politikarar, frigjeringsleiarar, nobelprisvinnarar osv., starta opp på 1960-talet – og held fram også i dag.

I denne boka kommenterer og analyserer han klokt og innsiktsfullt situasjonen i verda etter at Donald Trump blei vald til president i USA. Trongen for eit tettare nordisk samarbeid, kampen for ein human narkotikapolitikk og forholdet til sine aller næraste er sentrale tema.

Sjølvsagt har han reflekterte meiningar om verdspolitiske saker, der han blant anna slår eit slag for kompromisset – der alle sider får litt. Naturleg nok, han har vore sentral meklar både på Balkan og i Midt-Austen – mellom anna.

Evna til å finne kompromiss har sjølvsagt også vore ein styrke for diplomaten Stoltenberg. Sjølv la eg merke til at fredsforkjemparen også kan seie dette: «Når terrorister henretter gisler ved å skjære hodet av dem for åpent kamera, er en grense ugjenkallelig overtrådt. Slikt barbari må også bekjempes med våpenmakt.» I forkant har han skrive at beste måten å hindre IS-terroren er å forebygge, gje alle høve til arbeid og utdanning, gjennomføre ei god integrering.

Thorvald Stoltenberg

Dei to kapitla som gjorde sterkast inntrykk på meg var «Kampen for en ny narkotikapolitikk» og «Den innerste kretsen». Kvifor? Grunnleggande kan svaret uttrykkast ned eitt ord: Nini, yngstebarnet til Karin og Thorvald Stoltenberg som foreldra i 1993 blei klår over at var tungt sprøytenarkoman.

Med kvardagslege ord fortel faren om mange ned- og oppturar mens yngstejenta, saman med resten av familien, kjempa seg ut av heroinhelvetet. Men helsa var meir øydelagt enn nokon skjøna, og i juli 2014 stoppa plutseleg hjartet å slå.

Skildringa av korleis han opplevde sin eigen tale i kyrkja dagen ho vart gravlagd er både prosa og poesi – og det skal vere avslutninga på denne omtalen.