Vart og vakkert om rotløyse

Ho er ti år gamal når vi møter henne, vesle Anni som veks opp på ein gard ein eller annan stad i Noreg etter 2. Verdskrigen. Som fosterbarn veit ho ikkje kven mamma er. Ein litt eldre fosterbror har ho også, Valentin, som ho kallar Bror. Han veit heller ikkje kven mor og far er.

Fosterforeldra er verken nære eller fæle, men dei er fråverande og strenge. Midt i 20-åra får Anni ei dotter. Rammeforteljinga, som er lagt til omtrent vår tid, fortel om ei 70 år gamal kvinne som framleis leitar etter røtene sine – og særleg mamma.

Den rutinerte forfattaren vekslar mellom notid og opplevingar ho hadde som småjente. Spørsmålet ho har stilt seg er. Kvifor ville ikkje mamma ha henne? Særleg ungjenteopplevingane er nære, sterke og gripande – utan å bli sentimentale. Anni ber også på eit vondt minne frå den gongen dottera ho fekk var baby, og det var ho som svikta den vesle, slik ho føler at hennar mor gjorde det.

Eg greip meg fleire gonger i å tenke at skildringa av den 70 år gamle dama var bleikare enn av småjenta. Anni som småjente kan eg sjå for meg, som 70-åring synst eg ho blir litt diffus. La meg legge til at forfattaren flettar inn det eg vil kalle segner og «tåttar» som både veslejenta og den vaksne Anni blir fortalt.

Går det an å seie noko klokt om kva denne stramt oppbygde romanen på berre 180 sider – i botnen – handlar om? Eg er ikkje sikker, men uvisse er i alle fall eit hovudtema. Uvisse om eigne røter først og fremst, men også om eigne, personlege eigenskapar.

Britt Karin Larsen

«Av lys er du kommet» endar litt spesielt. Eg har ei kjensle av at ikkje alt har falle «på plass». Frå forfattaren si side kan det vere heilt medvete, men eg har ei kjensle av at mor/ dotter-forholdet ikkje er avklåra. Eg skal ikkje utdjupe dette meir, man kanskje hadde ei kvinne – helst ei mor – kome til ein annan konklusjon?

Min er i alle fall at romanen gjer eit sterkt inntrykk, at det er Anni som småjente som strålar mest, og at forfattaren ikkje heilt har greidd å skape ein slutt som står til truande. Men, bevare meg vel, det er mykje å glede seg over i denne romanen – som handlar om å leite etter eigne røter i tida etter 2. Verdskrigen.