Mørkt, merkeleg og moro

På hotellet har gjestene 45 dagar på seg til å finna ein partnar. Viss ikkje, blir dei omskapte til eit dyr.

"The Lobster" er ein sånn film du enten elskar eller hatar – trur eg. Juryen på årets filmfestival i Cannes likte greske Yorgos Lanthimos merkelege, første engelskspråklege film såpass godt at han fekk den prestisjetunge juryprisen. Men eg har også lese kommentarfelt der folk skriv at dei har reist seg og gått fordi dei meiner filmen er vemmeleg – gjerne etter å ha forventa ein meir konvensjonell komedie.

Handlinga i "The Lobster" er lagt til ei nær framtid, der single menneske blir sende til hotelliknande institusjonar der dei har 45 dagar på seg til å forelska seg og finna ein ny partnar. Lukkast dei ikkje, blir dei – hald deg fast – omskapt til eit sjølvvald dyr. David (Colin Farrell) er nyskild og deprimert, kjem til hotellet med ein hund (det viser seg å vera broren Bob, som altså ikkje klarte å finna ny partnar), og vil sjølv bli til ein hummar om han skulle mislukkast i partnarjakta. På hotellet møter han ei underlig forsamling andre single som håper å unngå dyrehamen, samt ei betjening som arrangerer bisarre møte og dans på dagtid for å kopla folk som passar saman. Er du nærsynt, passar du til dømes med andre nærsynte. Blør du naseblod, bør du finna nokon med naseblod.

I skogen utanfor hotellet bur dei single, som har måtta flykta frå byen der politiet er etter alle som ikkje er saman med nokon. Hotellgjestene jaktar på dei single i skogen med gevær lada med bedøvingspiler. Og mens det på hotellet er forbode med onani og alle må bli saman med nokon, er det heilt motsett i skogen. Der kan du masturbera i veg, men straffa er streng om du flørtar eller kyssar nokon.

Ja, det er eit surrealistisk og underleg univers, men Lanthimos klarer å få det til å fungera og bli logisk, på sitt underlege vis. Flott å sjå på er det også, med vakre bilete, særleg frå skogen, tidvis i sakte, stilisert film. Av ein eller annan grunn dukka Stanley Cubrick og "A Clockwork Orange" opp som ein referanse i hovudet mitt.

Menneska i denne skakke verda er for ein stor del kjenslekalde og distanserte. Det speglar seg i skodespelet, og i absurde, reserverte samtalar mellom menneska som vekselvis skal få/unngå å få kjensler for kvarandre. Det er bevisst tilknappa og stivt.

Har du sansen for mørk og subtil humor, kjem du til å le av dette. Men den bistre komikken blir i neste augneblink avløyst av grotesk vald, som får latteren til å setja seg fast i halsen. Det er rett og slett ikkje godt å seia om ein bør le eller gråta når ein ser "The Lobster". Men eg lo mest.