FILM: 80-talet i all si Gru

Gru møter den lilla, hockesveisaktige 80-talsestetikken i «Grusomme meg 3».

Grusomme meg 3

Sjanger: Animasjon/Komedie. Norske stemmer: Alex Rosén, Line Verndal, Anders Bye, Jon Niklas Rønning, Adiane Louise Rødfjell, Vidar Magnussen. Regi: Kyle Balda, Pierre Coffin. USA 2017. Lengde: 1 t. 30 min. Sensur: 6 år.

Store, breie, amerikanske animasjonsfilmar er på sitt beste når det skjer masse. Når det er bånn gass på lerretet, når ein superskurk kaprar ein supertankar, når ein gullfarga skurkebil á la Reodor Felgens «Il tempo gigante» fresar omkring til lands og til vanns, når Hollywood blir bombardert av rosa, sjølvbobleblåsande tyggegummi. Sånn er det ein heil del av i «Grusomme meg 3».

Store, breie, amerikanske (animasjons)filmar er på sitt verste når dei stoppar opp, når dei skal gjennomføra pliktløpprat som skal vera litt søtt og litt morosamt på éi og same tid. Gjerne samtalar med små barn. Eller når små, gule Minions - som eg ikkje heilt klarer å bestemma meg for om er mest sjarmerande eller irriterande - dukkar opp med sine sketsjar, som strengt tatt har null funksjon i handlinga. Sånt er det også ein heil del av i «Grusomme meg 3».

Eg hadde med meg to i målguppa for å sjå tredje akt i Gru-universet. Som venta, blei det litt strekk i laget: Femåringen oppsummerte etterpå at alt var bra. Tiåringen tykte også det var bra og morosamt, men innrømer at ho har ledd meir av andre filmar før. Ho ville gitt ein femmar på terningen.

Sjølv er eg eit hakk og to strengare. «Grusomme meg» var forfriskande i å ha ein ond hovudkarakter. Det blei kjedelegare då han bli snill i 2-eren. I 3-en mister han jobben som snill agent, blir forsøkt gjort til ein ond skurk igjen av dei små gule vesena, og av ein blid tvillingbror. Og så legg han ut på jakt etter skurken Benjamin Bratt og verdas største diamant.

Bratt er den beste karakteren i 3-eren. Særleg om du har opplevd 80-talet. For her har du ein herlig kar med bart og hockeysveis (med måne), lilla skulderputer, dans og musikk frå 80-talet. Det er ein fest å sjå på for ein vaksen, og moro for ungane også.

Som forventa, er også nummer 3 ein visuell fest å sjå på. I periodar er han i tillegg morosam. Historia er så tynn som du kan forventa - i tillegg syns eg det er for mange, og for uinteressante sidehistorier.

Men sidan målgruppa ved sida av meg lo og koste seg, så skal eg ikkje gi ein trear, men landa på kompromissets firar.