Fra balkongen
Sjanger: Drama/Komedie. Med: Ole Giæver, Marte Magnusdotter Solem. Manus og regi: Ole Giæver. Nasjonalitet: Norge 2017. Lengde: 1 t. 24 min. Aldersgrense 12 år
– Du er så sjølvopptatt, ler på eit visst tidspunkt Ole Giævers kone, skodespelaren Marte Magnusdotter Solem i «Fra balkongen». Giæver er på hytta, står og filmar seg sjølv mens han snakkar inn i sitt eige kamera, og kona peiker på at ingen driv på sånn. Når vanlege småbarnsforeldre har med filmkamera på sommarferie, filmar dei ungane.
– Andre skriv dagbok. Eg filmar. Det er som ei dagbok, innvender Giæver.
– Men ei dagbok skriv du bare til deg sjølv, bare for at du sjølv skal lesa henne seinare, svarer kona.
«Fra balkongen» er Giævers tredje langfilm. Men dette er langt frå første gong han rettar kamera mot seg sjølv: det blir fyldig dokumentert i klyppa frå barndom og ungdom at filmskaparen har likt å vera framfor kamera sidan han var veldig ung.
I den kritikarroste publikumssuksessen «Mot naturen» (2014) spelte Giæver rolla som fabulerande mann som sprang for seg sjølv ute i naturen menst han tenkte over livet sitt. I «Fra balkongen» er Giæver tilsynelatande seg sjølv, akkurat som kona og barna er med, i sitt kvardagslege liv på Bjølsen i Oslo. Det einaste som forstyrrer det sjølvbiografiske preget, er scenene der skodespelarar og dansarar spelar ut Giævers fabuleringar, pluss eit par animerte sekvensar.
Mens mannen i «Mot naturen» flykta frå familien og byen og ut i naturen, viser «Fra balkongen» på mange måtar kvardagslivet han flykta frå. Frå der han sit med tekoppen ute på balkongen har Giæver utsyn over storbyen og naturen, men også ut i universet og til dei heilt store spørsmåla. Samtidig, om han snur seg, ser han inn i sitt eige, vesle liv. På barna som leikar, på kona som les ei bok eller lagar matpakke, på seg sjølv der han legg saman klær eller prøver å læra dottera å sykla.
I dette spennet, mellom det store universet og kvardagens trivilialitetar, fabulerer Giæver om sin eigen plass, om sitt eige vesle liv. Er han nok til stades i livets situasjonar? Kvifor klarer han ikkje å mobilisera barndommens glede over julefeiringa som vaksen? Kva er meininga med det heile?
Me lever i ei sjølvbiografisk tid, både i kunsten og i kulturen. Forfattarar, filmskaparar, bloggarar og sosiale medium-fantastar rettar alle blikket mot seg sjølv, og filmar, fotograferer og fortel om seg og sitt. Det meste av dette er himmelropande uinteressant, sjølvopptatt, privat og poserande.
Sånn er det ikkje med Giæver. Sjølv om han tek opp store, allmenne spørsmål som ikkje akkurat er nye, kombinert med kvardagens trivialitetar, er han befriande undrande og ærleg i tilnærminga si. Funderingane hans får deg til å nikka gjenkjennande, på sitt beste kan dei setja i gang nye tankar hos oss som ser på.
Men sjølv om «Fra balkongen» er interessant og fint laga, er han hakket kjedelegare enn «Mot naturen» var. Den førre filmen kjendest meir forfriskande. Utfordringa med å laga undrande film frå det trivielle kvardagslivet, er rett og slett at det kan bli litt trivielt og kjedeleg.
Øystein Mamen står bak kamera - som sist - og gjer det flott. Mamen filma også Kim Hiortøys «The Rules for Everything», og som der, er det også i «Fra balkongen» fleire «stille» bilete. Av eit tre. Av eit fly over himmelen. Av ein vegg. Av kvardagsliv.
Det eg nå er spent på, er kor filmskaparen Giæver går vidare. Skal han laga endå fleire filmar om seg sjølv? Eller er det på tide å retta kamera mot nokon andre?