Our Last Tango.
Originaltittel: Un Tango más Genre: Dokumentar / Musikal Med: María Nieves Rego, Juan Carlos Copes, Melina Brutman, Pablo Veron, Alejandra Gutty, Ayelen Álvarez Miño, Juan Malizia, Pancho Martínez Pey Regi: German Kral Nasjonalitet: Argentina / Italia / Tyskland Språk: spansk Produksjonsår: 2015 Lengde: 1 t. 25 min. Aldersgrense: Tillate for alle
Tango er sensualitet sett i system. Det finst knapt noko vakrare enn å sjå ein mann og ei kvinne i ein milonga - ein dansesal for tango - eller på eit torg i Buenos Aires gli rundt kvarandre; to separate kroppar, samtidig smelta saman til eitt, til musikk frå ein bandoneon eller eit orquestra típica. Tangoen oppsummerer alle dei store, latinske kjenslene i éin dans.
Det mest kjende paret i tangodansens historie heiter Maria Nieves Riego og Juan Carlos Copes. Gjennom 50 år dansa, elska og krangla dei, ikkje bare heime i Buenos Aires, men også rundt om i verda, som på Broadway i New York og i Japan.
«Our Last Tango» handlar om Maria (80) og Juan (83). Dokumentarfilmen, med rikelege innslag av tangodans og -musikk, tek utgangspunkt i Marias perspektiv, frå ho som fattigjente gjekk på sin første dans og sa merke til vakre Juan, via at dei blei eit par, både på dansegolvet og i kjærleiken. Ho fortel om korleis Juan gjekk frå henne, korleis ho sjølv fann andre menn, korleis dei to kranga, korleis dei hata kvarandre, men framleis dansa, og fram til dei slutta å dansa saman. Juan deltek også, men det er framfor alt ho som snakkar.
Tilbakeblikka er dramatiserte av unge dansarar - eit ikkje ukjent grep innan dokumentarsjangeren, som kan bli litt overtydeleg teatralske. Så også her. Men eit fiffig grep frå regissør German Kral er å visa skodespelarane/dansarane sine øvingar saman med Maria, der ho instruerer dei i korleis dei skal dansa for å likna mest mulig. Og ikkje minst innsynet i skodespelarane sine eigne refleksjonar rundt paret dei skal spela på ulike stadium gjennom livet. Slik får dramatiseringane ein ekstra dimensjon, dei blir ikkje bare utvendige kulisser.
Er du glad i tango, bør du koma deg på kino.