Hoggeren Genre: Drama / Komedie Med: Anders Baasmo Christiansen, Bjarne Syversen, Terje Syversen, Inger Grethe Syversen, Benjamin Helstad Regi og manus: Jorunn Myklebust Syversen Nasjonalitet: Norge Produksjonsår: 2017 Lengde: 1 t. 22 min. Aldersgrense: 9 år
Eg kan vel like gjerne stå fram med fordommane mine: Jorunn Myklebust Syversen er bilet- og videokunstnar. Denne veka debuterer ho som spelefilmskapar med langfilmen «Hoggeren», om ein mann i krise som går ut i skogen og høgg tre. Var det ein 1 time og 22 minuttar lang kunstnarisk (og pretensiøs) videoinstallasjon eg skulle få sjå, eller ein forrektig (og tilgjengeleg) spelefilm?
«Hoggeren» er heldigvis det siste.
Filmen startar med at ein kar i vanlege klede går laus på eit tre med øks - til tøff, aggressiv musikk. Han gjer det på den måten ein sint og frustrert mann ville gjort det, ikkje slik ein tømmarhoggar oppfører seg.
I løpet av filmen skal me gradvis få vita litt om kvifor den sinte mannen går laus på naturen, men me får heldigvis ikkje vita alt, og ikkje alt på ein gong.
39 år gamle Anders (Anders Baasmo Christensen) har vore borte frå heimbygda i 20 år. Han kjem tilbake til Rukkedalen i Hallingdal, etablerer seg på bruket han har arva, høgg ned tre med øksa si, ligg stille i lyngen, sym i elva, klappar på kyr, rir på hest. Han prøver tilsynelatande å koma i kontakt med naturen, få til noko han aldri klarer å formulera skikkeleg når slektningane hans spør. Det blir bare ufullførte setningar, forsøk på å unngå dei vanskelege og direkte spørsmåla og korleis han eigentleg har det, kva han eigentleg driv på med.
Her, i møtet mellom Anders og slektningane, ligg filmens fremste styrke. Den profesjonelle, erfarne filmskodespelaren Baasmo Christensen er fantastisk i si rolle, enten han lir for seg sjølv i skogen eller i møte med folk. Den positive overraskinga ligg i kor godt regissørens eigne slektningar fungerer på filmduken i sine roller. Den gamle onkelen representerer bygdetradisjon- og tenking, han er i tett kontakt med husdyr og natur på ekte, og veit korleis ein skjøttar skogen. Han dullar ikkje med Anders, men snakkar direkte, kallar det nevøen driv på med ute i skogen for idioti og tullball.
Møtet mellom by og bygd, mellom intellektuell, eksistensiell krise og jordnært bondevit, gir filmen framdrift, friksjon og truverd. Og ikkje minst barsk humor.
Eg er ikkje den einaste som tykte «Hoggeren» blei meir tilgjengeleg enn eg hadde frykta. Det gjorde filmskaparens onkel og tante også. Så du kan trygt trassa fordommane dine, og sjå denne.