Collateral Beauty
Amerikansk drama
Med: Kate Winslet, Keira Knightley, Will Smith, Edward Norton, Helen Mirren, Naomie Harris, Michael Peña
Regi: David Frankel
Lengde: 1 t. 36 min.
Aldersgrense: Tillate for alle
Will Smith. Helen Mirren. Edward Norton. Keira Knightley. Kate Winslet. Michael Peña. Når du ser rollelista i «Collateral Beauty» skulle du tru at dette var ein bra film. Men nei. Sjølv verdas beste skodespelarar kan ikkje redda denne.
«Collateral Beauty» handlar om den vellukka reklamemannen Howard (Will Smith), som - forståeleg nok - går heilt i bakken ettar at den seks år gamle dottera hans døyr. Han sluttar å fungera, sluttar å snakka, sit bare og stirer, får grått hår, syklar rasande mot trafikken i New York, og byggjer svære dominokonstruksjonar som han så raser. Regissør David Frankel («The Devil Wears Prada», «Marley & Me») har med andre ord valt dei mest obenbare klisjeane i verda for å illustrera «deprimert mann». Og Will Smith er neppe den rette til å spela rolla.
Kollegene på reklamebyrået (Norton, Winslet) fortvilar, både over Howard, men også over at byrået hamnar i trøbbel når ein av deira viktigaste menn ikkje har fungert på tre år. Derfor hyrer dei privatdetektiv og tre skodespelarar som skal spela Døden (Mirren), Tida (Jacob Latimore) og Kjærleiken (Knightley). Skodespelarane skal konfrontera/lura Howard til å føra samtalar med desse imaginære, abstrakte storleikane, mens privatdetektiven skal dokumentera Howards rare oppførsel.
Desse samtalane blir, som dei fleste andre samtalane i «Collateral Beauty», kvasieksistensiell godtkjøpsfilosofi, litt på sånn livscoachnivå. Det pussige er at karakterane av og til er inne på det sjølv, at dette bare er sentimental suppe, som for å redda seg inn etter å ha sagt noko skikkeleg klissete og svadaaktig. Men det hjelper altså ikkje.
Bare for å ta tittelen: «Collateral Beauty» er jo ikkje eit eige omgrep, men ein slags variant av «collateral damage», altså «utilsikta skade» etter militære aksjonar. «Collatteral Beauty» skal vera den utilsikta «skjønnheten» som ifølgje ein av livsfilosofane og samtaleterapeutane skal oppstå etter at du har mista nokon til døden. Men det er jo bare sprøyt.
Eg blei sitjande og lura på om det var noko galt med meg i og med at eg ikkje kjende det ein plass mens eg såg denne filmen. Eg meiner: Det finst ikkje noko verre enn å mista barnet sitt. Eg er far sjølv. Eg burde ha identifisert meg med Howard og hans smerte. Eg burde kjent noko. Ganske særleg sidan heile filmen er designa for å få meg til å føla ein heil masse, med sine sentimentale passusar, med sine tårer og med sin svulstige musikk. Attpåtil i eit julepynta New York.
Men det er kanskje derfor dette ikkje treff? Fordi filmen prøver så altfor hardt, så altfor openbart, så altfor platt å manipulera sjåaren til å gråta, kanskje le litt, kanskje gjera begge delar, på klissete, glatt, hollywoodsk mainstreamvis. Og så ender det sjølvsagt som det må i Hollywood.
Nei, filmar om store eksistensielle spørsmål, om Døden, Tida og Kjærleiken, bør ikkje overlatast til sentimentale amerikanarar i Hollywood. Sånne ting skal gjera vondt i sjela. Sånne ting skal vera rått, ikkje søtt. Sånne ting bør ein overlata til europearar. Til franskmenn. Til danskar. Til ein nordmann. Då kan du få utilsikta skjønnheit.