ROMAN: Besett av hat og draumar

Adelheid Seyfarth: Den hvite elgen. Roman. 317 sider. Aschehoug.

Menneske er kroppar som lever og rører seg i sine omgivnader, og romanar flest handlar om menneske og stader innafor ei tidsramme, enten dei nå er i kiellandske salongar og religiøse forsamlingar, Ledaalske parkomgivnader og Kongsgårdliknande klasserom på attenhundretalet eller renbergske klasserom same stad og Hillevåg eller andre stavangerske bydelar i våre dagar. Dei ber ikkje bare preg av si tid, sine stader og sine uttrykksformer, dei gestaltar dei så dei blir ståande som eksemplariske for tid, stad og karakterar.

Dei gjer det på attenhundretals dansk-norsk skriftspråk eller på moderne (ny)norsk. Fordi dei begge (med mykje fridom og eleganse) skriv innafor rammene av ein skriftstandard eikvar norsktalande lesar kan formast av på trygg lingvistisk heimebane, kjenner vi oss også heime i teksten. Og forstår at Ajax for alle sine kvalitetar ikkje nokon gong vil bli innlemma i nokon fellesnorsk kanon eller slå an på Finnskogen, til det er han for lokal i tone, stil og språkføring.

Noko tilsvarande vil truleg gjelda Adelheid Seyfarths roman «Den hvite elgen» på solørdialekt. Den handlar om ein mistruisk solørsk vekependlande anleggsarbeidars glødande klassehat, mindremannskjensle, intense sansing og medoppleving av skogsnatur og dyreliv – med eit tilsvarande hat til byen («Innafær»/Oslo; «verda er stort sett lureri»), og ein besett draum om at sonen hans ein dag skal bli anerkjent og berømt, bare han lærer seg å spela på ein kostesam fiolin faren kjem over og beheld.

Det har ikkje dei beste utsikter. Det har heller ikkje den nærmast kvite elgkalven hovudpersonen oppdagar innpå skogen, og som får mytiske proporsjonar. Dessverre sperrar teksten for seg sjølv. Ein filolog kan nok med forvitneleg glede venda hovudmerksemda mot lydverket med alle sine itakismar, formverket med sine kasus og bøyingsformer, alle dei særeigne dialektorda, heile tonen, men lesarar flest vil truleg gi opp, om dei då ikkje ber «puken» ta heile romanen.

Og så skal eit av dei største forlaga her er, også ha takk og ros for å gjera denne romanen tilgjengeleg for eit heildekkande norsk publikum.