Ren Powell: Elefantene har sunget hele tiden. Gjendiktet og med etterord av Eirik Lodén. Dikt. Wigestrand forlag
Nokre av dei største kroppane me kan sjå på kloden, er elefantar. Skal me snakka om kroppsspråk, så står desse dyra for noko unikt og massivt. Ein ordlaus gråblå bodskap og ein tonelaus melodi av brungrå rørsler. Ren Powell si nye diktsamling famnar om mange tema og tangerer mange komplekse relasjonar, men ”kroppen/ slik den beveger seg gjennom verden” er hennar leiemotiv. Motivet vert utvida og vert møtt frå ulike synsvinklar og med forskjellig språkbruk.
Powell har sett seg eit vanskeleg mål: å omsetja prosessane som skjer med oss og i oss, dei ordlause, kroppslege setningane me på ein måte kjenner så godt, men som på ein annan måte stort sett er umedvitne, og i alle fall ikkje sett ord på. Powell skriv om det som forsyner dei små kroppscellene med energi og om delar av kromosomar som er viktige for å avgrense celledelingane, og ho opnar samstundes for å sjå at kroppen er eit heilt landskap, ja ho skriv at:
det finnes universer på overfalten av innsiden av håndleddet
ditt
de kleber ved håndbevegelsene dine ved hvert ord du skriver
Samstundes som ho skildrar korleis ein kropp dannar ein heilskap, der ”alt beveger seg sammen”, og der det finst symbiotisk samliv mellom mikrobar; ”kroppen din er en hel verden/en yngleplass, jaktmark og kirkegård”, er poeten oppteken av dette at me skapar ei forteljing for å oppfatta og ordne, for å forstå. Ei forteljing som inneheld illusjonar, fordi det å bevege seg gjennom verda som kropp har ein dimensjon som språket aldri kan fanga. Ein song elefantane alltid har sunge; dette som bare er som det er.
Ho skriv vakkert, sensuelt og intellektuelt om dette, og ho utnyttar mange referansar og peikingar, som når ho snur på ein Zen-koan:
lik en hånd som klapper
sinnet som leter etter seg selv
På denne måten vert diktinga ofte ei metadikting òg. Ho skriv om meiningsdanning og forteljinga som ordnande prinsipp.
… livene våre svever over verden holdt oppe av fortellerakten
Ho går inn i dette som kommuniserer i oss og med oss, og innser at i kommunikasjonen er også mellomromma avgjerande. Og ”mellomrommene mellom/mellomrommene”. Ukjente verdener opnar seg i dikta hennar, og det er som Lodén påpeikar i eit meisterleg velskrive etterord, ei dikting som er både sofistikert og spontan, både krevjande og sjølvsagt. Ved at boka har fått eit etterord som samstundes må vera noko av det beste som er skrive om fenomenet ’seinstil’, vert denne boka ekstra verdfull og unik.
Powell er tettare innpå poesiens grunnlag og utgangspunkt her, og ho skriv intenst. Det dreier seg om å skape eit språk for det uformelege, det som andre språk ikkje kan makte å kategorisera eller setja i bås eller boks. Flyten og rørslene og mellomromma som dannar ”et nytt sett av sannheter”. Dette er ei rik, vakker og utfordrande dikting, som lykkast med si umulige oppgåve og som famnar celler og katedralar. Powell oppsummerer det heile i nydelege linjer, som kjem til å verta ståande som noko som òg gjeld for hennar eiga dikting:
Og kroppen min stryker mot vesener jeg ikke har navn på
Og det er strålende.