Jon O. Lorentzen: Magnus’ apostrof. Roman. 251 sider. Wigestrand.
Det skil tusen år mellom dei to tidsplana Jon O. Lorentzen (1950, debut 2004) samlar mellom permane i den nye romanen sin. Dei dramatiske og særs innfløkte handlingsgangane utspeler seg såleis på to tidsplan, dels i St. Magnus Erlendssons dagar på tidleg 1100-tal, dels i ei uspesifisert framtid ikkje så langt frå i dag, men etter K, den store Katastrofen, den Krigen som på det næraste har utradert vår del av verda.
“Magnus’ apostrof”, frå landskapa i og rundt Nord- og Irskesjøen samt ein overvintra platform uti havet, kan lesast som rein spennings- og røvarhistorie, men er framom alt ein økologisk roman, med bodskapen i kursivert klartekst på nestsiste side: “Me arvar ikkje jorda frå forfedrane våre. Me låner henne av borna våre.”
Til å begynna med vekslar handlinga med annakvart kapittel frå mellomalderen, med den fredsame, seinare helgenerklærte, Magnus Erlendsson på Orknøyane, og Gor Erlendsson frå norsk vestland i ettermoderne tid som hovudpersonar. Gor lever etter K, med dei store øydeleggingane som har ureina all naturen og sett dei få attlevande teknologisk tilbake. Fossilt brennstoff har kollapsa som teknisk og økonomisk motor, vind, vatn og mannemakt er atter drivkreftene, om lag som i mellomalderen.
Forfattaren forlet etter kvart Magnus Erlendsson, så mesteparten av boka skjer etter K, før han avrundar i mellomalderen. Det etablerest ei bein blodslinje mellom dei to erlendssonane, og via ein science fiction-aktig etappe på eit overlevande biotop på ei oljeplattform i Nordsjøen og med om lag same teknologi, sameinest dei to mennene nesten symbiotisk gjennom den yngres jakt på ei visdomskjelde i eit dokument skrive med utdøydd skrift.
I fascinasjon over teikn, språk og skrift, saman med trua på verdien av overlevert litteratur, freistar filologen Lorentzen å allmenngjera gamal visdom over hundreåra. Ikkje bare er teknologien nå den same, hovudpersonane er sine mellomalder-eg opp av dage, og størst av alt er kjærleiken mellom kvinne og mann, mor og barn.
Det kan til saman opplevast som litt i meste laget å ta inn på 250, om aldri så kompakte, sider, men byr på ei forvitneleg ferd til mellomalder og langt inn i dei siste tider.