SAKPROSA: Kor solid er det norske byggverket?

Gro Harlem Brundtland, vår første kvinnelege statsminister. Her fotografert på familiehytta på Onsøy sommaren 1986.

Finn Olstad: Den lange oppturen. Norsk historie 1945-2015

484 sider

Dreyer

Å skriva historie i fugleperspektiv og dra dei lange linjene er ein krevjande jobb. Men når slike prosjekt lukkast, gir dei lesaren stor innsikt og utfordrar både tanke og vanetanke. I norsk historieskriving er Berge Furres «Vårt hundreår» og Francis Sejersteds «Sosialdemokratiets tidsalder» blitt klassikarar, slik Eric Hobsbawm («Ekstremismens tidsalder») og Tony Judt («Postwar») har blitt det internasjonalt.

Det er altså eit eksklusivt selskap Finn Olstad har søkt opptak i med «Den lange oppturen». Men Olstad klarer seg godt. Innanfor moderate 484 sider framstiller han 70 års norsk historie med skarpt blikk ikkje berre for dei store endringane i politikk og økonomi, men også for dei små og store ting som prega folks kvardag, og som lesarane, i alle fall over ein viss alder, vil nikka gjenkjennande til (Når var det eigentleg at Globoid-tabletten forsvann?)

Som historieprofessor på Norges idrettshøgskole er det ikkje underleg at Olstad ofte hentar eksempel frå  idrettsverda. Samstundes er det ikkje tvil om at idretten må ha ein sentral plass i ei totalhistorie om Norge etter krigen. Både dei store idrettsfestane, som vinter-OL i Oslo i 1952 og på Lillehammer i 1994, og norske idrettsbragder har gjort mykje for nordmenns sjølvforståing, stoltheit og fellesskapskjensle.  Som alle som har lese Olav H. Hauge veit: Då Kupper’n skreid i Squaw Valley, greip sjølv ho mor fastare om staven.

Forfattaren Finn Olstad

Store endringar

Åra etter 1945 har, som tittelen seier, vore ei eineståande framgangstid for Norge. Den økonomiske levestandarden er mangedobla, me lever i den rausaste velferdsstaten i verda, og toppar jamt rangeringane over dei beste og lukkelegaste landa å bu i. Dei kulturelle og verdimessige endringane har vore raske og dramatiske. Frå å vera eit kulturkonservativt og ganske sneversynt land er Norge blitt ein pioner i likestilling mellom kjønna og aksept for ulike minoritetar. At det så seint som i 1961 var massiv motstand mot kvinnelege prestar i Norge, verkar nesten utruleg i dag.

Med utgangspunkt i ei stor mengd historikararbeid skildrar Finn Olstad desse endringane nøkternt, med solid dokumentasjon, godt språk og treffande observasjonar. Til å begynna med kan det sjå ut til at forfattaren risikerer å bli for refererande. Ein saknar til tider det tydelege, overordna perspektivet som må vera til stades i eit slikt verk.

Men det endrar seg mot slutten av boka. Olstad rettar eit kritisk blikk på ei rekkje av paradoksa og sjølvmotseiingane i det moderne, rike Norge: fredsnasjonen som sender bombefly i det godes teneste, oljelandet som samstundes vil vera pådrivar i klimapolitikken, vår posisjon som både innanfor- og utanforland i Europa, og ikkje minst dei mange dilemma som reiser seg etter at Norge på kort tid har gått frå å vera utvandringsland til innvandringsland.

Elite og folk

«Den store oppturen» kan lesast som eit varsku mot at den oljefinansierte norske velferden og humanismen kanskje ikkje vil vera berekraftig i eit hardare politisk og økonomisk klima. Slik sett markerer Olstad eit oppbrot frå ei dominerande tenking, i alle fall i norske elitemiljø, sidan 1990-talet. Og han stiller eksplisitt spørsmålet om det har vakse fram eit skilje «mellom de internasjonalt orienterte eliter av ulikt slag og et folkeflertall som er mer opptatt av det hjemlige, mer utsatt for økonomiske og andre problemer og dermed også mer opptatt av velferdsstat og trygghet».

Dermed avsluttar Finn Olstad med å skriva seg inn i debatten om forholdet mellom elite og folk, som etter Brexit og Trump på ingen måte er særnorsk. Men Olstad slår også eit slag for det nasjonale perspektivet i historieskrivinga, som lenge har vore under press. For vel er Norge eit land i verda, som statsminister Lars Korvald sa, og som småstat prisgitt internasjonale forhold. Men den norske suksessen er også eit resultat av heimleg politikk.

Olstad har eit viktig poeng i at me treng å forstå «hva som er spesielt og verdifullt ved den samfunnsformen som har blitt utviklet her i landet». Kanskje er det heilt nødvendig dersom oppturen skal halda fram.