Er de framme nå?

sso264a.JPG
Historia om symfoniorkesteret vårt er blant dei finaste vi har. Torsdag kveld opna dei ny sesong og dermed nytt kapittel
sso272a.JPG

Historia om symfoniorkesteret vårt er blant dei finaste vi har. Frå eit halvgodt, halvprofesjonelt byorkester, i ein by der klassisk musikk ikkje akkurat var nært og kjært og sjølvsagt blant det ein by skulle by på, til profesjonelt orkester, men verken stort nok eller sterkt nok til å løfta dei størstte verka. TIl orkesteret som spurde seg sjølv kva dei skulle gjera med sitt eige utgangspunkt, som eit litt for lite orkester i ein provins på kanten av Europa. Dei brukte humor. dei tok rare bilde, dei balanserte på magen over stortromma. Dei lo. Dei halte inn sponsporavtale med Statoil, eit svært uvanleg påfunn i kulturlivet den gongen. For den hyrte dei inn gode dirigentar, sterke karakterar, med vilje og nerve for musikk orkesteret var store nok til å spela. Og meir enn det, musikk dei sette sitt preg på, og som ga dei ein eigen tone. Eit eige driv. Dei hadde ofte program med brodd, med tydelege intelligente grep. Dei fekk ein trombonist inn i bystyret i Stavanger og bygde sitt eige konserthus.

Nå kan dei spela kva som helst. I ein kjempegod konsertsal, som krev alt ein musikar har.

Kor skal dei nå?

Opningskonserten for sesongen begynte i lunka, fransk sommarvarme. Hos Debussy, like impresjonistisk i sine duse fargar som malaren Monet var det med vannlijlene du veit. Det er fint spelt, det er flotte soloar, særleg i fløyte. Men det manglar likevel litt fransk intensitet og elsk. i alt dette duse. Ravels Scheherazade, tre songar inspireret av 1001 Natt, er like franske, i liknande duse klangar. Solisten er dyktig, stemma er varm og smidig, tekstane gammalmodige. Orkesteret spelar fint, men ganske forsiktig.

sso275a.JPG

Så kan dei bretta ut alt etter pause. I russiske, romantiske Rachmaninovs andre symfoni.

Det er fine soloar, det er mørke klangar, det er overraskande brot. Det er nydeleg, samstemt melodi i breie strok i den langsame tredjesatsen, Det er linjer til å la seg riva med av, sjølv om det ikkje alltid er heilt reint mellom blås og styrk. Og det er ein storslått finale.

Men også dette er uthalt musikk, også den byggjer seg opp langsomt, også her er det deler ein ikkje er heilt sikker på kor skal hen.

Orkesteret beherskar dette. Men eg kjenner historia deira, eg ønskjer meg meir, meir sjel, meir særpreg, meir vilje til igjen å tøya strikken. Og meir spenn i programmet.